André Monsen (t.h.) er uroa for at publikum til VG-lista skal få transportproblem. Her saman med Trond Ueland i Førde kommune. Foto: Børje Fonn Skår.

Publisert 25.07.2016 14:26, oppdatert 25.07.2016 14:27 - Ole Jacob Huus - tips@stottmedia.no

VG-lista: Kjøp bussbillett i dag!

-Kjøp billett til ekstrabussane vi har sett opp i samband med VG-lista i Førde onsdag, elles kan du risikere at alle rutebussar er fulle.
Absolutt siste sjanse er tysdag klokka 15.00.

Oppfordringa kjem frå André Monsen i Firda Billag. 

Berre 160 hadde har kjøpt billett på www.firda-billag.no søndag kveld. 

Monsen er redd mange kan risikere å stå att på busstasjonane og -stoppa onsdag. 

-Det er ferietid og dersom 150 personar stiller uanmeldt på busstasjonen for å få plass på ein buss med 49 seter, kan vi ikkje garantere at vi klarer å sette opp ekstrabussar i tide. 

Utan førehandssal - ingen ekstrabuss

Firda Billag har ekstrabussar frå heile fylket - avhengig av førehandssalet.

-Men ekstrabussane går berre frå dei stadene der billettsalet tilseier det. Difor er det svært viktig at folk kjøper billetten på førehand, seier Monsen. 

Fram og (berre kanskje) tilbake

Sjølv om du skulle vere så heldig å kome deg TIL Førde, er det slett ikkje sikkert det er like lett å kome deg heim.

-Etter klokka 20.30 er det eit avgrensa antal bussar som går frå Førde. Med ekstrabussane vil du vere sikker på også å kome deg heim att. 

Vi repeterer: KJØP BILLETT!

Og kjøp den her: www.firda-billag.no 

Les også