Kongen på topp, lokale bøker like bak

Publisert 21.12.2020 11:10, oppdatert 21.12.2020 11:11 - Selja Forlag - tips@stottmedia.no

Kongen på topp, lokale bøker like bak

Boka der kong Harald fortel til forfattar Harald Stanghelle er den klare bestseljaren av bøkene før jul i bokhandlane i Sogn og Fjordane. Lokale bøker ligg også høgt på listene, særleg den nye Opptur-boka og boka om flaggskipa til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane.

  

Ti-på-.topp-listene frå bokhandlarane i Sogn og Fjordane viser at boka "Kongen forteller" av Harald Stanghelle (Kagge Forlag) toppar i sju av ni butikkar, det vil seie butikkane i Førde, Sandane, Nordfjordeid og Sogndal.

I Florø toppar turboka "Opptur ytre Sogn og Fjordane" av Torkjell Djupedal og Finn Loftesnes (Selja Forlag), som også ligg høgt på listene i Førde og på Nordfjordeid.

Boka skildrar 163 fotturar og sykkelturar på kysten frå Gulen i sør til Selje og Stad i nord.

Ei anna lokal bok som gjer det svært bra er "Sunnfjord og Sognefjord - ruteskipa som batt saman Bergen og Sogn og Fjordane" av Magnus Helge Torvanger (Selja Forlag). Boka er inne på ti-på-topp-lista til åtte av dei ni butikkane.

Elles skil Dale seg ut ved at bestseljaren der der "Kjære Sogn og Fjordane" av Rolf Losnegård, illustrert av Arnstein Mygland (Selja Forlag). Dette er kanskje ikkje så merkeleg sidan Losnegård bur ved Dalsfjorden. Denne boka er på listene også på Sandane og Nordfjordeid. Der er også Måløy-forfattaren Ingeborg Sol Fure med på listene med "Dropar av sol" (Selja Forlag). I Førde sel jubileumsboka om Førde idrettslag  av Rune F. Lillesvangstu (Selja Forlag) godt.

Gjengangarar på bestseljarlistene er elles kjende skjønlitterære forfattarar som Jo Nesbø (Aschehoug), Edvard Hoem (Oktober), Lars Mytting (Gyldendal) og Maja Lunde (Kagge Forlag).

Førdeforfattaren Olaug Nilssen (Samlaget) sel godt i Førde og Dale.

Ei sakprosabok som gjer det overraskande bok er Terje Tvedt si "Verdenshistorie med fortiden som speil" (J. M. Stenersen).

Les også