Nøgd: Marita Berg er veldig nøgd med stretch-tak. Foto: Fordeby.no

Publisert 25.04.2018 11:16, oppdatert 25.04.2018 11:32 - Førdeby - tips@stottmedia.no

Annonsørinnhold

Vil slå seg opp med nytt og revolusjonerande tak

- Med stretch-tak er det berre fantasien som setter grenser, samtidig er det billeg og enkelt, seier Vaidas Sapezinskas, ved Svein Sunde AS.

Førde - innhaldsmarknadsføring: - Stretch-tak er ei enkel og elegant løysning med mange bruksmoglegheiter, som krev lite grunnarbeid. Alt etter størrelsen på taket er det montert i løpet av ein til to dager, seier marknadsansvarleg, Vaidas til Fordeby.no.

Svein Sunde AS har levert produktet via den internationale leverandøren Saros Design i snart eit år. Metoden er relativt ny i Norge, men stretch-tak i PVC er ein gammal teknikk, som vart tatt i bruk i Frankrike allereie på 1960-talet.

Populært

- Eksempelvis er det veldig populært i Tyskland. Tingen med det er at taket kan leverast i eit stort utval av overflater og fargar, om det skal vere seg matt, heilblankt, transparent eller heildekkande. Det kan også formast som ein vil, noko som gjer det til ei enkel løysning om ein skulle ha eit gammalt hus med slitt tak.

IMG_3953

Vaidas Sapezinskas og Jeanette Telebo ved Svein Sunde AS har kontor på Bruland i Førde, og trur at stretch-tak er noko som vil verte populært også i Norge. Foto: Fordeby.no.

- Kva type belysning kan installeres i eit stretch-tak?

- Der er det berre styrken i belysninga som set grenser. Halogenlamper kan ikkje overstige 50 watt, medan glødepærer ikkje kan vere sterkare enn 100, opplyser dagleg leiar, Jeanette Telebo.

- Korleis er det med garanti og vask?

- Det er veldig enkelt å reingjere. Vi har garantier mot endring av farge, falming, brann eller om det skulle synke, som strekk seg over ti år.

Nøgde kundar

Marita Berg og Anders Senneseth som er busett i Gaular er nokon av dei som har valgt stretch-tak som løysning i heimen.

- Vi var eigentleg berre ute etter eit slett tak, men ville ikkje sparkle sjølve. Så høyrde vi at stretch-tak kunne vere ei løysning utan at vi visste heilt kva det var, seier Marita Berg, til Fordeby.no, og legg til at dei ikkje kunne vore meir nøgd med valet.

- Det tok dei ein dag å montere taket i stova og resultatet kunne ikkje vorte betre, seier ho.

- Arbeiderane hos Svein Sunde gjorde utmerka arbeid, og spurde alltid om løyve til å gjere ting, før dei starta, fortel Senneseth.

IMG_4048

Stretch-tak: Berg og Senneseth gjekk for ei matt overflate med litt glans. Foto: Fordeby.no.

Her kan du trykke deg inn på video kor Marita Berg fortel om si erfaring med strecth-tak levert av Svein Sunde AS

Stretch-tak er ei heilt flat takoverflate som vert framstilt ved oppvarming og strekk av filmen, noko som på den tradisjonelle måten krev mykje innsats og arbeid. Taket er produsert av fleksibel PVC materiale av forskjellige teksturar.

Her kan du lese meir om stretch-tak

- Så no håpar vi at dette er eit produkt som skal slå seg opp her i Norge, og kanskje spesielt i Sogn og Fjordane. Vi er klare til å vise kundane kva moglegheiter det er med denne type tak, seier ho, og legg til at det ein er velkommen til å slå av ein uforpliktande prat med Svein Sunde AS, når ein måtte ønskje det.

Besøk Svein Sunde AS si nettside her

- Er du ute etter eit tak med bilde, kanskje ein stjernhimmel på badet, så er det noko vi ordner. Her er det berre fantasien som set grenser, avslutter Telebo.

Svein Sunde AS: Tilbyr tenester innan rehabilitering, oppussing og nybygg. Vår kompetanse strekk seg frå idè til verklegheit. Vi utfører alt frå små enkle oppdrag til store totalentrepriser, både innan privat og offentleg sektor.

Kontakt: Telefon: 911 43 773/ 966 92 225 E-post: as.sveinsunde@gmail.com

20140227105345_Banguotos.ext
DSC_0971-copy112

Det er mange løysningar og variantar ein kan velge innan stretch-tak, anten det skal vere stjernehimmel, fargar eller ai matt overflate. Foto: Privat.

Les også