- Veldig morosamt

Publisert 30.03.2017 10:25, oppdatert 30.03.2017 10:26 - Børje Fonn Skaar - tips@stottmedia.no

- Veldig morosamt

Janne Frøysland, som arbeider på Bellis Blomster, stakk av med hovudprisen under årets prisutdeling på Amfi Førde.

Førde: (Samarbeidspartner) - Eg må nok innrømme at eg vart tatt «litt» på senga då dei leste opp namnet mitt, men det er veldig morosamt, seier Frøysland, som vart kåra til årets tilsette på kjøpesenteret i 2016.

Til Fordeby.no seier Frøysland at ho trur noko av grunnen til at prisen gjekk til nettopp henne er at ho har vore på senteret i lang tid.

- I løpet av desse 30 åra senteret har vore i Førde, har eg arbeidd her i cirka 22 av dei, og det skyldast at det er ein kjekk arbeidsstad med gode kollegaer. Samtidig synes eg det er eit veldig godt miljø på kjøpesenteret.

Liste over dei ulike vinnarane på prisutdelinga:

Beste auke i omsetnad: Zoo 1
Beste kundeklubbtilbod: Sport Outlet
Beste prisfestbutikk: Kappahl
Beste utstilling: DNA
Årets tilsett: Janne Frøysland, Bellis Blomster

DNA mottok pris for beste utstilling. Foto: Børje Fonn skaar.

Les også