Bygda med 2800 innbyggarar var i mediesentrum i 2007, etter at kommunen tapte 150 millionar på Terra-investeringane. Foto: Wikipedia.

Publisert 13.11.2017 11:30, oppdatert 13.11.2017 11:30 - - tips@stottmedia.no

Ti år sidan Terra-skandala

Det er i desse dagar ti år sidan Terra-skandala vart rulla opp. Vik kommune tapte 150 millionar kroner, medan Bremanger tapte 80 millionar. 

Kort forklart investerte åtte norske kommunar over 450 millionar kroner i bustadmarknaden i USA. Dette skjedde like før finanskrisa slo inn, og det skulle i ettertid vise seg at kommunane braut lova ved å investere slik dei gjorde. 

Vik, som i 2007 hadde eit budsjett på kring 180 millionar kroner, tapte dermed nesten eit heilt årsbudsjett.

Det førte til at kommunen måtte gjennom store innsparingar.

Seinare fekk Vik attende 50 millionar kroner frå DNB, som saman med ei stor gruppe sparebankar eigde 2/3 av selskapet Terra Securities. Vik fekk i tillegg eit tilskot på 30 millionar kroner frå staten. 

Terra Securities slo seg konkurs i 2007, etter at toppsjef Ola Sundt Ravnestad tidlegare same år trekte seg frå stillinga. Han fekk med seg ei etterløn på 5,5 millionar kroner, og kan vel med det kallast ein av få vinnarar i kjølvatnet av skandala. 

For innbyggarane i Vik, vart det ein skikkeleg blåmandag. Eigedomsskatt vart innført og svømmebassenga vart tømt for vatn som følge av innsparingar etter feilinvesteringa. 

Rådmannen valde å ikkje søke fornya åremålsstilling då denne gjekk ut i 2008, og medarbeidaren på økonomiavdelinga i kommunen slutta ei tid etter at skandala var eit faktum. 

Ellers fekk ikkje skandala konsekvensar for andre tilsette i kommunen.

Les også