Slagsmål enda med knekt nase

Publisert 11.02.2018 16:07, oppdatert 11.02.2018 16:07 - Førdeby - tips@stottmedia.no

Slagsmål enda med knekt nase

Politiet har oppretta sak etter slagsmål under russefest i Naustdal.

Sogn og Fjordane: Det melder Firda.no laurdag.

Det skal ha vore ei roleg natt for politiet i Sogn og Fjordane, forutan to episodar i Naustdal og Førde.

Under eit arrangement i Fosshalla ungdomshus enda eit slagsmål med at ein person truleg fekk knekt nasen.

- Arrangementet var ein russefest, dei involverte er 99-modellar, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen, til avisa.

Politiet har oppretta sak.

I Førde vart ein 20 år gammal mann vist vekk frå sentrum etter at han oppførte seg vanskeleg.

Mannen var berusa, og vert politimeld etter at han ikkje etterkom politiets instruks.

Les også