Skjebnekamp for Sogndal

Publisert 29.11.2017 13:15, oppdatert 29.11.2017 13:15 - - tips@stottmedia.no

Skjebnekamp for Sogndal

Som så mange gonger før er Sogndal innblanda i nedrykkstriden i Eliteserien. I kveld går første akt i grøssaren, når Ranheim kjem til saftbygda.

Ranheim er "Rosenborg 2", og har mange gode spelarar på laget, mellom andre Øyvind Storflor som tidlegare har hatt Lerkendal som heimebane og kan skilte med fire kampar på landslaget. 

Har vore på topp før

Også Ranheim har vore med på opp- og nedrykksdrama, og er ikkje heilt ukjend med spel i øverste divisjon. Men ein skal vere godt opp i åra for å hugse dette. Opprykkssesongen enda med suksess både i cup og serie.

Foran 10 000 tilskodarar i semifinalen i cupen måtte trøndarane sjå seg slått 2-1 av Lillestrøm på Lerkendal. 

I serien vann dei si avdeling, og rykka opp til det som den gong var Hovedserien - det som no er Eliteserien. 

Det var året då solceller såg dagens lys (bokstaveleg tala) for første gong. Dei automatiske skyvedørene, p-pillen, radarpistolen og Yatzy vart også funne opp dette året og FNs høykommisær for flyktninger vann Nobels fredspris.

Året var 1954, og Ranheim spelte to sesongar i Hovedserien før dei i 1956 ikkje lenger kunne smykke seg med medlemsskapet i øverste divisjon. Dermed er det over 60 år sidan dei har vore å rekne blant dei beste. 

Må vinne heime

Eirik Bakke bør innkassere tre poeng heime før returoppgjeret på Ranheim Arena laurdag. Sogndal treng truleg ein 12. mann på laget, og har difor utlova 50 000 kroner til den/dei som lagar mest leven (i positiv forstand) under oppgjeret som startar på Fosshaugane Campus onsdag kveld klokka 18. 

Vi oppfordrar alle som kan krype og gå: "Stao no pao". 

Les også