Skift dekk NO

Publisert 10.11.2017 11:26, oppdatert 10.11.2017 11:26 - Redaksjon - tips@stottmedia.no

Skift dekk NO

Helga kan bli kvit, Yr.no melder om snø- og sluddbyger heilt ut til kysten utover kvelden fredag. Dersom du er ein av dei som framleis køyrer på sommardekk, er det på høg tid å skifte.

Ein del stader på Vestlandet har det allereie kome snø, men så langt berre i høgda. Fredag føremiddag måtte Rv. 52 over Hemsedalsfjellet stengast på grunn av bilberging, men vegen skal no (klokka 11.05) vere opna etter det Fordeby.no erfarer.

Vegvesenet oppmodar vogntog om å bruke kjettingar før dei prøver seg på klatreetappa.

Fjellovergangane i fylket er prega av Kong Vinter, og dei fleste stadene er det minusgrader og snø- eller isdekke. Vegmyndigheitene opplyser at vegfarande som skal over Filefjell mellom 13. 11 klokka 20.00 og 14.11 klokka 06.00 må køyre om gamle Fv. 296 (no Ev. 16), då Filefjelltunnelen blir stengd i denne perioden. 

I langtidsvarselet til Yr.no er det ikkje store teikn til betring i nær framtid.

Heilt fram til søndag 19. november er det meldt temperaturar ned mot frysepunktet (varsel for Førde). Det betyr at ein ikkje skal langt opp i lendet før det blir glatt. Så det er berre å krype til korset og sørge for at bilen er riktig utstyrt før snøen legg seg. 

Les også