Arve Varden er noverande rådmann i Høyanger, men vil gjerne tilbake til Helse Førde. Han har tidlegare vore klinikksjef for medisinsk avdeling i føretaket.

Publisert 23.10.2017 11:42, oppdatert 23.10.2017 11:52 - - tips@stottmedia.no

Sju vil bli sjukehussjef

Då den forlenga søknadsfristen gjekk ut 20. oktober, stod Helse Førde med sju kandidatar til å overta sjefsstillinga etter Jon Bolstad. 

Bolstad har vore i stillinga i 13 år, men gjekk av i mai etter mykje bråk i helseføretaket.

Børge Tvedt har fungert som administrerande direktør i perioden sidan mai. Tvedt står ikkje på lista over dei som har søkt stillinga fast. 

I følge Helse Førde er dette lista over søkarar:

Åse-Iren Korneliussen. Jobbar som helse- og omsorgssjef i Solund. Ho er frå Florø og bur også i kystbyen. 

Mads Rekve, Lærdal. Jobbar som fungerande fagdirektør ved Lærdal sjukehus. 

Tom Guldhav, avdelingssjef Helse Førde. 

Thorbjørn Gaarder, Chief credit officer, Oslo. Har jusutdanning frå Geneve i Sveits. Tidlegare søkar til politimesterstilling, direktør i Brønnøysundregistrene, skattedirektør, rådmann i Ullensaker, direktør for Helse Sør-Øst blant mykje anna. 

Kjell Ove Høydal, operativ leiar hos Fjord1. 

Ivar Edmund Vatten, Halsanaustan. Omtalar seg sjølv som arbeidssøkande. 

Arve Varden, rådmann i Høyanger. Har tidlegare jobba for Helse Førde som klinikkdirektør ved medisinsk avdeling. Denne stillinga hadde han fram til 2013, då han vart rådmann i industribygda. 

Det har ikkje lukkast Fordeby.no å få tak i styreleiar Agnes Landstad, som er ansvarleg for å leie tilsettingsprosessen. Det er heller ikkje klart når den nye sjefen tek til i jobben. 

Les også