Sjokk om rassikring

Publisert 17.10.2017 15:12, oppdatert 15.11.2017 10:37 - - tips@stottmedia.no

Sjokk om rassikring

Ein milliard kroner skal brukast for å rassikre Våtedalen. - Bruk heller pengane på å sikre Rv. 5, seier transportbransjen. - Ikkje mogleg, ifølge Statens Vegvesen.

 

Sjefsingeniør Guro Dyngen frå Statens Vegvesen (SVV) opplyser til Fordeby.no at rassikringsmidlar ikkje kan brukast til å førebygge ras "frå skjæring".

- Dei kan kun brukast til å sikre trafikantane mot skred frå naturleg terreng, ikkje frå område der det er menneskeskapt fare for nedfall i veg. Her må det eventuelt brukast vegmidlar frå drifts-, vedlikehald- eller investeringsbudsjetta. Dette er klare føringar frå Regjeringa, informerer Dyngen. 

I klartekst betyr det at rassikringsmidlane berre kan brukast på nokre få av dei rasfarlege områda langs Rv. 5. 

Reagerer med vantru

Rolf Olav Tenden driv Thor Tenden Transport i Stryn, og har i mange år vore ein av dei som har stått i bresjen for å sikre vegane i fylket. Han har aldri blitt informert om at midlane ikkje kan brukast overalt der det er fare for ras. 

- Eg er stum. Dersom dette er rett, betyr det at vi i fleire år har kjempa ein kamp som ikkje kan vinnast, seier Tenden.

Tenden legg ikkje fingrane mellom når han omtalar rasfaren og politikarane som har ansvaret for vegane: 

- Det verste er usikkerheita blant sjåførane våre. Dei sit med hjartet i halsen når dei køyrer Rv. 5. Det blir stilt svært strenge krav til førar og køyretøy for at sikkerheita skal vere på topp. Vi må vere profesjonelle. Politikarane derimot, er legfolk som synest det er komfortabelt å sitte på tinget og å få bildet sitt i avisa. Dei har i mange tilfelle ingen kunnskap og forutsetnader for å ta avgjerdsler i svært viktige saker, som i dette tilfellet. Likevel er eg nøydd til å forholde meg til dei på ein mest mogleg profesjonell og hyggeleg måte for å bli høyrt i viktige veg- og transportsaker.

Heller ikkje Per Bortheim, som driv Per Bortheim Transport AS i Florø, har høyrt at sikringsmidlane i si heilheit er øyremerkt til område der det er fare for naturlege ras. 

Redde entreprenørar 

- Det går steinsprang langs Rv. 5 kvar dag. Den dagen - for det er ikkje spørsmål om det skjer, men når - eit ras tek liv, trur eg ikkje dei pårørande skil mellom eit naturleg skred og eit skred frå eit område der det tidlegare er gjort inngrep. Dette grensar til galskap, seier Borteheim til Fordeby. 

Per Bortheim-

Per Bortheim.                                                                                                      Foto: Bortheim Transport.

Både Tenden og Bortheim peikar på at trafikantane som ferdast langs Rv. 5 nærast sit med hjartet i halsen i konstant frykt for ras.

Våtedalen skaper ikkje same fryktkjensla.

- Eg snakkar stadig vekk med trafikantar som er livredde for å køyre mellom Florø og Førde. Men eg trur aldri eg har snakka med nokon som er redde for å ferdast langs E39 i Våtedalen, seier Per Bortheim.

Og dei er ikkje dei einaste som har uttrykt frykt for ras.

I sommar vart det lagt ny asfalt på ein del av strekninga Førde-Naustdal. Dette arbeidet skulle eigentleg gjerast på dagtid.

Men slik vart det ikkje, fortel Arne Magnar Hauglund i Statens Vegvesen på Leikanger: 

- Etter ei risikovurdering mellom Veidekke Industri og Statens Vegvesen, vart arbeidet lagt til nattestid. På denne tida av døgnet er det mindre trafikk. Det var ikkje ønskeleg å stoppe trafikken på dei mest rasutsette strekningane, så vi tilpassa vegarbeidet slik at vi ikkje skapte køar på desse. 

Bortheim, Tenden og lastebileigarforbundet i fylket har mange gonger tatt problemstillinga med rasfare opp med vegmyndigheiter og politikarar. Seinast 29. august var dåværande leiar i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, Nikolai E. Astrup i Førde for å drøfte (blant andre saker) ei overføring av rassikringsmilliarden frå E39 Våtedalen til Rv. 5. 

Uvitande poltitikarar 

Jan Ove Halsøy, regionsjef i Norges Lastebileier-Forbund (NLF), var på møtet i Førde:

- Vi ser på E39 Våtedalen som eit område der det er liten fare for ras, medan rasfaren er overhengande på Rv. 5. Vårt spørsmål til Astrup var om rasmidlane kunne overførast frå E39, som er ein Europaveg til Rv. 5, som er ein riksveg. Svaret vi fekk, var at det ikkje var hindringar for å søke overføringar av midlane (eller deler av desse, red.anm.), sidan staten har ansvar for begge desse vegane. At løyvingane er avgrensa til naturleg terreng, er nytt også for oss. Spørsmålet er om politikarane sjølv veit kva rassikringsmidlane dei løyver, i realiteten kan brukast til.

Fordeby spør Høgre sin stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane, Frida Melvær:

- Dette er nytt for meg, og høyrest rigid ut. Det er løyvd rassikringsmidlar i Nasjonal Transportplan. Dersom det politiske miljøet i Sogn og Fjordane ønskjer å få omprioritert desse midlane, vil det sjølvsagt bli vurdert. Vår jobb som politikarar er å finne gode og fornuftige løysingar i slike saker, seier Melvær. 

Ho legg til at det einaste fullgode alternativet på Rv. 5, er å legge vegen i tunnel. 

- Men rasmidlane kan uansett ikkje brukast til tunnelbygging. Dei er øyremerkte til forebygging av ras frå terreng. Tunnelbygging må gå frå investeringsmidlane. Er det ikkje naturleg at du som stortingsrepresentant tek initiativ slik at rassikringsmidlane kan brukast på dei farlegaste vegane uavhengig om raset kjem frå naturleg terreng eller ikkje? 

- Jau. Vi skal sjå om intensjonane bak løyvinga er i tråd med korleis midlane faktisk kan brukast, seier Melvær til Fordeby.no.

Tidlegare leiar i Transport- og kommunikasjonskomiteen og partifelle Nikolai Astrup er klarare når Fordeby spør han om det same.

- Dette var nytt for meg. Det framstår som eit kunstig skille som vi må ta tak i, seier Astrup. 

Det har ikkje lukkast Fordeby.no å få fatt i den nye leiaren i Transport- og kommunikasjonskomiteen, Helge Orten. 

-  Ikkje synsing 

Statens Vegvesen har klare kriterier for å prioritere kva strekningar som skal rassikrast, informerer Guro Dyngen. 

- Det er ikkje basert på synsing, det ligg grundige analyser til grunn for kvar pengane skal brukast. Trafikktettleik, skredfrekvens (kor hyppig det får skred), kor store dei er, kva type skred (snø, stein, jordmassar, leire osv.), og omkøyringsmoglegheiter er blant kriteria som avgjer. 

- Er fare for personskade eitt av kriteria det blir løyva midlar etter?

- Nei. Det er heldigvis veldig få personskader som følge av ras på vegane, så det er ikkje blant kriteria. Men som sagt er føringane klare, midlane kan berre brukast der det er fare for skred frå terreng, seier Dyngen.  

- Men det er jo like farleg å bli treft av ein stein som kjem ned langs frå fjellsida der det er gjort inngrep. Frå trafikantane sin ståstad er det truleg knekkande likegyldig kvar steinen kjem frå. Har Statens Vegvesen teke opp denne problemstillinga med vegmyndigheitene?

- Dette er politiske avgjerder og dermed det politiske miljøet som må svare på. Vår oppgåve er å prioritere ut frå retningslinene vi har å gå etter, seier Dyngen. 

Les også