Satsar på asfalt

Publisert 10.03.2017 11:56, oppdatert 10.03.2017 11:57 - Rein Design - tips@stottmedia.no

Annonsørinnhold

Satsar på asfalt

Brørne Ronny og Roger Bruland satsar på eige asfaltselskap: Asfalt og Forberedelser. Dei tek på seg oppdrag til privatpersonar, entreprenørar og kommunar – og dei står klare til å hjelpe deg.

Innhaldsmarknadsføring: Roger og Ronny har kvar over 20 års erfaring med asfaltarbeid, før dei hoppa over i ”oljen”.

– Vi valte å starte for oss sjølv grunna strukturendringa i oljebransjen.

Kjernen av det begge har drive med i yrkeslivet har vore asfalt. Så kvifor ikkje satse på det, spør Ronny.

– Ronny starta først, i fjor vår, med fokus på førearbeid i samband med asfaltering. Så inviterte han meg inn. Eg hadde ei ønske om å drive meir med asfaltlegging, så då laga vi ein pakke, der vi tilbyr heile spekteret av tenester. Første maskina kom før fellesferien, så vi rakk ein halv sesong og fekk god innkøyring på maskinene, seier han og fortel at starten gav framtidstru. 

– Vi fekk raskt overraskande mykje arbeid, med tanke på at vi ikkje har marknadsført oss. Det var berre ryktebørsen som gjekk om at vi hadde utstyr til å legge asfalt, seier Roger.

Når du treng det – alltid

Behovet for asfaltering har vist seg stort – og aukande.

– Asfaltering er ein marknad i vekst. Vår nisje er private kundar, entreprenørar og kommunar, seier Ronny. – Det blir stadig opparbeidd nye bustad- og byggefelt, samt handels- og industriområde der entreprenørane treng asfalt. Stadig fleire privatkundar og
bønder treng også asfalt på tun og oppkjørsel. Det er og dei mest krevjande oppdraga. Privatjobbar krev verkeleg god finish på produktet. Vi vil ha det fint rundt husa våre, og folk stiller høge krav.

– Vi tek på oss alt – frå små oppdrag til store prosjekt. I lag med våre samarbeidspartnarar løyser vi det meste. Vi tek heile prosessen: Frå planlegging og førearbeid, som opparbeiding av området, fresing av gammal asfalt og legging av ny asfalt,
til transport av massar, seier Roger.

Service og tilgjengelegheit

– Vi er konkurransedyktige på pris, og har høg servicegrad. Nøgde kundar er den beste marknadsføring som finst, seier Roger.

– Vi har lang fartstid innan asfaltarbeid, samla over 40 år, samt ein ny og effektiv maskinpark, som kan legge asfalt frå 40 cm breidde til 4,5 meter. Vi er ein liten og kvalitetsbevist aktør, som set kvalitet over kvantitet. Dagens kundar er opptekne av pris og sluttresultat, og krev topp kvalitet. Og der er vi på høgde med andre, og vel så det.

– Vårt motto er: I det tanken om asfaltering slår deg, ringer du. Også på kveld. Mange selskap er tilgjengelege, så lenge det er mellom klokka åtte og fire. Vi trur at folk ønskjer meir fleksibilitet, og vi er der for deg, når du treng det. Og vi tilpassar oss det som høver deg, seier Ronny.

– Vi tilbyr gratis synfaring med kunde, sju dagar i veka. Vi veit kor travel kvardagen til folk er, så vi kjem gjerne og kartlegg ditt behov på ein søndag også, dersom det høver best. Vi satsar i heile fylket. Vi er fleksible, og tilpassar oss kunden, der han bur. Nokre ønskjer å gjere grunnarbeidet sjølv. Dette må vere av god kvalitet, for det påverkar sluttresultatet. Både i høve finish, og dette med å få overflatevatn til å renne av. Difor gjev vi råd om kva dei bør gjere i høve grunnarbeid, om kunden ønskjer gjere det sjølv, seier Roger.

Skal vekse i 2017

Dei har investert i ein stor maskinpark, og er rusta for vekst.

– Vi har lagt ned mykje pengar i maskinparken. Alle maskinene er nye. Den eldste maskina fekk vi i juli 2016. Vi har kjøpt ny valsar og leggar, og får ein ny asfaltleggar no i desse dagar. Vi har også tre lastebilar til massetransport og frakt, seier Roger.

bilder

Ian Gjerland, Daniel Kjerstad og Magne Bjørvik er kome med på eigarsida i ettertid. Foto: Privat.

Bedrifta starta med to tilsette, men det balla fort på seg.

– I starten leigde vi inn etter behov. Men i snitt var vi fire mann i arbeid i 2016. Vi kjem til å starte årets sesong med fem fast tilsette, og tre innkallingsvikarar. Vi har fått med oss tre rutinerte karar på eigarsida: Ian Gjerland, Daniel Kjerstad og Magne Bjørvik. Vi har også stabla på beina eit rutinert, dyktig asfaltlag, av folk med ry på seg på folkemunne for å gjere det beste arbeidet. Magn Ove Nydal, Audun Kvamme og Jan Bruland blir med når vi treng ekstra arbeidskraft i periodar. Målet i alt vi gjer er alltid å få nøgde kundar.
Å vere gründer er ikkje ein åtte-til-fire jobb, men det trivast dei med.

– Det vart vel akkurat slik vi såg føre oss: Du må jobbe heile tida, ler Roger.

– Og skulle du ha nokre timar fri, jobbar ein i hovudet likevel. Men det er dette vi har lyst å drive med. Det er veldig spennande og kjekt å etablere noko eige. Vi trur marknaden er der. Det skjer mykje i Sunnfjord-regionen no, og det vil vi vere med på.

Les også