Iselin Solheim frå Naustdal opplever stor suksess med vokalen på Alan Walker sin sang

Publisert 22.02.2016 14:16, oppdatert 22.02.2016 14:16 - Børje Fonn Skaar - tips@stottmedia.no

Passert 100 millionar strømmingar

Iselin Solheim som syng i songen «Faded» har blitt avspelt over 100 millionar gongar på musikkstrøymingstenesta Spotify.

Naustdal: 25-åringen frå Nautdal seier til Firda.no  at det er vanskeleg å begripe den suksessen ho opplever.

- Det går ikkje an å skjøne det eigentleg. Viss ein tenker på folketal…kor mykje det eigentleg er. Ein klarer nesten ikkje tenke at det skal gå så bra, seier Solheim, til avisa.

Her kan du sjå musikkvideoen deira:

Sjølv om det er artisten Alan Walker si låt, meiner Naustdal-jenta at ho har vore med på å forme låta.

- Det er jo ikkje mi låt. Men eg synest eg har lagt mitt preg på vokalen. Eg har fått ein slags «connection» med låten, seier ho.

Låten er kanskje ikkje overraskande å finne på topp på VG-lista topp 20 også.

Les også