Foto: Sparebanken Sogn og Fjordane

Publisert 04.07.2018 10:59, oppdatert 04.07.2018 10:59 - - tips@stottmedia.no

Over 22 millionar til fylket

Hittil i år har 22,5 millionar kroner av overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane gått tilbake til
prosjekt over heile fylket. Og det er enno lenge igjen av 2018.

Kvart år deler eigarane til banken, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Fjaler,
ut millionar i gåvemidlar frå Sparebanken Sogn og Fjordane sitt overskot. Midlane går til kultur, idrett
og næringsretta prosjekt.

Sparebanken Sogn og Fjordane har òg ein eigen gåvepott. Frå den er det gitt rundt to millionar
kroner i 2018. Banken sponsar i tillegg rundt 50 lag og organisasjonar rundt om i fylket. Fleire av
desse avtalane inneheld utviklingsprosjekt med klar overføringsverdi til andre klubbar.

– For oss handlar gåvetildelingane om samfunnsansvaret vårt, og vi følgjer ein sterk
sparebanktradisjon ved å gi tilbake til lokalsamfunnet. Det er dei to eigarstiftingane våre som
forvaltar overskotet, men gåvene og verdiane er det banken og kundane til banken som har skapt. Vi
er stolte over å kunne vere synlege lokalt, både gjennom gåvene frå stiftinga, men også gjennom
sponsoravtalar og eigne gåver gjennom banken, seier administrerande direktør i Sparebanken Sogn
og Fjordane, Trond Teigene.

No er Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane klare med si halvårlege liste, og utbytet frå banken har
resultert i over 16 millionar kroner i gåver så langt i år. Fleire av desse er prosjekt som går over fleire
år. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har ei ny tildeling til hausten, med søknadsfrist 1. september.
I tillegg kan ein fortløpande søke om tilskot opp til 10.000 kroner med «forenkla søknad».

Tidligare i år offentleggjorde Sparebankstiftinga Fjaler si årlege tildeling, der 4,25 millionar kroner
gjekk tilbake til Fjaler-området.

– Lokalt eigarskap, lokale arbeidsplassar og lokalt engasjement er viktige drivkrefter for Sparebanken
Sogn og Fjordane. Banken vår er eigd i og av fylket gjennom Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og
Sparebankstiftinga Fjaler. Dette sikrar ein lokalstyrt sparebank med 270 kompetansearbeidsplassar
med hovudkontor i fylket, og ein konkurransedyktig bank som gir lokale bedrifter betre tilgang på
kapital, seier Teigene.

Fakta
 Sparebanken Sogn og Fjordane har to eigarstiftingar; Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og
Sparebankstiftinga Fjaler.
 Gjennom utbytte frå banken gir stiftingane gåver til allmennyttige føremål i samfunnet.
 Sparebankstiftinga Fjaler har søknadsfrist 1. mars kvart år, medan Sparebankstiftinga Sogn
og Fjordane har to tildelingsrundar i løpet av året, éin med søknadsfrist 1.mars og éin med
søknadsfrist 1. september. I tillegg behandlar dei søknader om inntil 10 000 kroner fortløpande.

Gåver i 2018 frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane per 20.06.2018 finn du her

Les også