Denne fritidsbustaden på Silda er på heile 136 kvadratmeter og vil tappe kontoen din for 620 000 kroner. Foto: Finn.no

Publisert 21.11.2017 13:58, oppdatert 21.11.2017 13:58 - - tips@stottmedia.no

Ni til under millionen

Er du på jakt etter fritidsbustad til under millionen i Sogn og Fjordane, har du ni å velge mellom. Her ser du alle.

Eivindvik

Denne hytta ligg i Eivindvik i Gulen. Den kjem med 812 kvadratmeter tomt og nausttomt på 71 kvadratmeter. Den har fire soverom. Kjøpar må rekne med ein del oppussing. Fotomontasje: Finn.no

stryn

Fjellfolket finn også sine objekt til ein rimeleg penge. For 800 000 kroner blir denne hytta på Tverrfjellet ved Stryn di. Den har to soverom og er på 42 kvadratmeter. Foto: Finn.no

Leirvik

På Skor ved Leirvik fann vi denne hytta på 52 kvadratmeter. Pris? 850 000 kroner. Foto: Finn.no

seimsdalen årdalstangen

Ti minutt med bil frå Årdalstangen og du er i Seimsdalen. Denne hytta er bygd i 1964, og har to soverom. Du kan boltre deg på over 1600 kvadratmeter tomt, og innvendig er fritidsbustaden på 81 kvadratmeter. Også denne har ein prislapp på 850 000 kroner. Foto: Finn.no

sletterust

Sletterust ligg på fjellet mellom Tyin og Årdal. Tømmerhytta såg dagens lys i 1983, er på 51 kvadratmeter og tomta er 500 kvadratmeter. Pris: 900 000. Foto: Finn.no

måren

200 meter over havet i Måren finn ein dette vesle krypinnet. Til trass for stusselege 35 kvadratmeter har fritidsbustaden to soverom. Pris: 980 000 kroner. Foto: Finn.no. 

vedvik

Denne fritidsbustaden ligg i Vedvik, fire kilometer frå Raudeberg. Den har i overkant av 80 kvadratmeter p-rom. Bruksarealet er 122 kvadratmeter. Pris: 990 000 kroner. Foto: Finn.no

finnabotn

Ei perle ved Sognefjorden, seier meglar om denne hytta i Finnabotn. Byggverket kom opp i 2003, og har tre soverom. Også her er prisen 990 000 kroner. Foto: Finn.no

Les også