Foto: Natur og ungdom.

Publisert 02.02.2016 09:54, oppdatert 02.02.2016 09:54 - NTB - tips@stottmedia.no

Natur og Ungdom blokkerer vegen

Ifølgje leiar Ingrid Skjoldvær har Natur og Ungdom 15 personar på staden. Dei har tatt med seg lenker og er førebudde på å lenke seg fast.

– I første omgang har vi sett opp nokre trebukkar i vegen og ein lavvo. Vi har folk som passar på døgnet rundt og kjem ikkje til å sleppe anleggsmaskiner forbi, seier Skjoldvær til NTB.

Organisasjonen er førebudd på ein fleire veker lang aksjon og seier dei har nok av folk til å halde det gåande lenge.

– Vi har hittil samla over 2.000 personar på liste for sivilt ulydige aksjonar mot det omstridde gruveprosjektet, skriv organisasjonen i ei pressemelding.

Nordic Mining har fått løyve til å grave fram mineralet rutil frå Engebøfjellet i Naustdal kommune i Sogn og Fjordane. Avfallet skal dumpast i Førdefjorden, utanfor bygda Vevring.

Planane er klaga inn til EFTAs overvakingsorgan ESA og til Kongen i statsråd. Klagene er enno ikkje behandla, men selskapet har fått løyve til å sette i gang med prøveboringar frå tysdag, ifølgje Natur og Ungdom.

Ifølgje NRK skal to boreriggar bore 37 hol i fjellet dei neste to månadene, til saman 6.000 meter med borekjerne. 

(©NPK)

Les også