Meir regn i vente

Publisert 24.10.2017 10:44, oppdatert 24.10.2017 10:45 - - tips@stottmedia.no

Meir regn i vente

Stort sett regn, men med håp om ein tørr søndag. Skal du oppleve snø, må du 800 meter over havet. Slik blir innspurten av oktober.

Du får nok større bruk for paraply enn vinterdekk også i veka som kjem. For fylkeshovudstaden melder yr.no regn kvar dag fram til søndag. Då blir det - dersom nettstaden til Metereologisk institutt og NRK får rett - ein dags pause frå nedbøren. 

"Sommar"

Juni, juli og august er per definisjon sommar - også på Vestlandet. Men årets sommarmånader var "mot normalt", uttrykket som metereologane elskar som Leif Juster hadde eit litt anna forhold til. 

I juni fekk Førde 165 mm. nedbør, dette er 50 prosent meir regn enn normalt, som er 110 millimeter. Juli vart vi tilgodesett med 160 mm., normalen for denne månaden er 125 mm. 

August er "sommarmånaden" der vi kan forvente mest nedbør, noko som slo til i år. I overkant av 190 mm. er 45 millimeter meir enn ein normal august i Førde. 

Redninga

September redda nok mykje av humøret til vestlendingar som er vande med det meste. Normalt kjem det denne månaden 265 millimeter frå oven dersom du er ved målestasjonen på Tefre i Førde (der alle tala er henta frå). Denne gongen tykte kanskje vêrgudane synd på gjennomvåte førdianarar, og slapp berre 91,7 millimeter nedbør over oss. Også temperaturmessig vart årets september ein suksess. Ein snittemperatur på 12,7 grader er 3,3 grader over normalen. 

Varmare 2017

Med unntak av juni som hadde gjennomsnittstemperatur nøyaktig på det som er normalt, har det vore varmare enn gjennomsnittet alle månader hittil i år. Den varmaste månaden var juli, med ein gjennomsnittstemperatur på 13,8 grader. Normalen for denne månaden er 13,5 grader. 

Må haldast reint

Trøsta får vere at vi bur i det som er skaparens absolutte favoritt, dersom ein skal tru den gamle historia om kvifor det regnar så mykje på våre trakter: 

Då Gud hadde skapt Vestlandet, såg han nøgd ned på resultatet og sa: 

- Dette er så vakkert at eg skal vaske det kvar dag.

Og slik vart det. 

Les også