Med Swap har du alltid drøymemobilen

Publisert 05.12.2016 09:26, oppdatert 05.12.2016 11:56 - Rein Design - tips@stottmedia.no

Annonsørinnhold

Med Swap har du alltid drøymemobilen

Lyst på ny mobil, men blir stogga av prislappen? Med mobilprogrammet Swap har du alltid ”siste nytt” på mobilfronten. Du betaler ingen ting i butikken, i staden betaler du ned kvar månad i tillegg til ditt Telenor-abonnement. 

Innhaldsmarknadsføring: Med Swap betaler du ned telefonen på 24 månadar. Det beste er at du halvvegs i programmet kan byte til ein ny mobil – utan å betale vidare på den gamle. Når du byter inn telefonen du har i Swap, kan du velje ein ny. Nedbetalinga på den første blir då avslutta, og du byrjar på ein ny 24 månadars nedbetaling på den nye. Telefonen du leverer inn må vere normalt brukt – utan vesentlige skader. Skjermforsikringa som er inkludert i nedbetalinga dekkar den vanligaste skaden; knust skjerm.

 
Jeanette føretrekk mobilprogrammet Swap.

Jeanette Øksenberg (19) er ein ivrig mobilbrukar: Ho skiftar telefon ofte, fordi ho må ha ein som er oppdatert og fungerer optimalt.

– Eg har hatt ein lei tendens til å knuse skjermen på telefonane mine. Det skjedde nyleg, og eg ville kjøpe ny, heller enn å prøve å fikse den gamle. Mamma tipsa meg om Swap, som søstera mi også har, seier ho. – Eg las meg opp, og dagen etter skaffa eg meg ein ny iPhone, smiler Jeanette og fortel kvifor ho valde Swap.  

– Eg hadde veldig lyst på ny mobil, men eg har nett byrja i ny jobb – og hadde ikkje lyst å legge ut over 7000 kroner for ein ny iPhone 6S. Med Swap betaler eg berre 339 kroner i månaden for telefonen, i tillegg til mitt Frihet-abonnement frå Telenor. Det syns eg er ein god avtale. Sjølv om totalprisen ikkje blir lågare, sikrar mobilprogrammet at eg har telefon om uhellet er ute. Og eg er oppdatert i forhold til å ha siste og beste modell. Eit stort pluss er at eg får med skjermforsikring, sidan eg har ein tendens til å vere uheldig. 

IMG_8309-2

Jeanette Øksenberg vart tipsa om Swap av mora si. Dagen etter skaffa ho seg ein splitter ny iPhone. Foto: Presse.

Mobilen er eit viktig verktøy for Jeanette. Ho er spelar på Førde IL Handball, og trenar for fleire handballag.

– Rollene som trener og spelar krev at eg er tilgjengeleg. Det er mykje som skal kommuniserast. Det går i eitt i mobilen dagen lang. Eg får klage på at eg brukar den for mykje, ler ho og fortel at å bytte telefon årleg freistar.

– Eg er oppteken av å ha ein telefon eg likar. Eg likar best iPhone. Til no har eg hatt både 4, 4S, 5 og 6. Det er og viktig at telefonen ”heng med”. Dei blir jo treigare og ”fylt opp”. Eg skiftar telefon omtrent årleg, så Swap er heilt perfekt for meg, avsluttar ho.

Alltid ny mobil – og den gamle får nytt liv

Swap er ein amerikansk trend som kom til Norge i sommar. Det er berre Telenor som tilbyr Swap her til lands.  Med Swap kan du betale ned telefonen over to år, og du kan «Swappe/byte» telefonen etter 12 månadar nedbetaling. Det krev at du startar ei ny slik nedbetalingsavtale og levere inn den gamle telefonen.

– Vi merkar at folk er nysgjerrige på dette. Det er ikkje rart, konseptet er perfekt for den mobilinteresserte. Ny teknologi blir fort gammal teknologi. Med Swap er du alltid oppdatert på mobilfronten – utan å måtte betale tusenvis av kroner. Du går ut av butikken med ein toppmodell utan å betale ei krone for telefonen der og då. I staden betalar du ein fast sum per månad i to år – med muligheita for å «Swappe» telefonen etter halvvegs i planen, ved å starte ein ny 24mnd nedbetaling. Når det kjem nye toppmodellar, som det gjer det kvart år, ønskjer mange å skifte. Det er ingen binding, og du kan endre abonnement både opp og ned som du vil. Du kan til og med forlate Telenor og fortsette med nedbetalinga! Men går du vekk frå Telenor sine abonnement mister du diverre fordelar som forsikringane og høvet til å «Swappe», seier Bård Inderøy, butikksjef på Telenorbutikken Førde.

Mange har opplevd mobilskrekken: Knust skjerm! Med Swap er du trygg.

– Med Swap får du også forsikring mot knust skjerm, som er den mest vanlege skaden på mobiltelefon. Ein kan også få med tre månadar med Swap-plussforsikring, der du blant anna får dekka lånetelefon og tryggleikskopi av data. Denne forsikringa er særs omfattande, og dekker dei fleste uhell.

IMG_8283

Butikksjef ved Telenorbutikken i Førde, Bård Nordal Inderøy, står klar til å hjelpe deg om du skulle velge Swap-kampanjen til Telenor. Foto: Presse.

Gjer eit kupp til jul

Telenorbutikken Førde gir deg høve til å gjere eit ekstra godt kjøp i jula. Frå 28. november har dei ekstra gode tilbod på telefonane som står øvst på mange sine julegåvelister.

 – Mobil er alltid høgt på juleønskelista. Swap er ei gåve dei fleste vil sette stor pris på, seier han, og fortel om kampanjen.

– Om du til dømes ønskjer Samsung S7 Egde, toppmodellen som kostar 7499 kroner utan Swap, får du med ein Bottle-høgtalar til verdi 699 kroner når du kjøper med Swap. Då betaler du berre 339 kroner i månaden, i tillegg til ditt Telenor abonnement. Ein iPhone 7 får du for same, 339,- i månaden. Altså 4068 kroner i året, i tillegg til ditt valfrie Telenor abonnement. Og så kan du bytte den inn i den neste toppmodellen etter eitt år. Og hugs: Dei mest populære modellane blir utselde først. Det lønner seg å komme tidleg til Telenorbutikken, smiler Bård.

–Du kan og lese meir om Telenorbutikken Førde sin kampanje i Elvetorget sitt julemagasin, som kjem i postkassa i desse dagar. 

Trygt gjenbruk 

Mobilen du byter inn får eit nytt liv.

– Når du skiftar telefon etter eit år, blir den selt vidare i marknadar utanfor Norden. Det gir mange, som elles ikkje ville hatt råd, tilgang til moderne mobilteknologi. Det ligg mange gode telefonar ubrukt i skuffer, også nye mobilar som iPhone 6. Det er betre at dei får nytt liv. Gjenbruk er vinn-vinn for forbrukarar og miljø. Alle kan selje den gamle telefonen sin sjølv på Finn.no, men med ordinær sletting eller resetting av telefon kan andre få tilgang til dine private data. Når du gjer dette via oss, får du eit sertifikat på at alt er sletta for godt. Det er trygt og godt for deg. 

Les også