Masseslagsmål og køyring i rus

Publisert 03.09.2017 12:45, oppdatert 03.09.2017 12:45 - Redaksjonen - tips@stottmedia.no

Masseslagsmål og køyring i rus

Slik var politinatta

05:30 Førde sentrum - Politiet har innbrakt ein mann i tjueåra til arrest. Årsak beruselse og ordensforstyrrelse. Sak oppretta.

02:45 Førde sentrum - Politiet kontrollerte ein førar i tjueåra. Blåseprøva gav utslag på promille. Tatt med til blodprøvetaking. Sak oppretta.

02:29 Måløy - Melding om berusa person på fortauet i sentrum. Politiet til staden. Vedk kvikna då til og vart tatt hånd om av kjente.

02:23 Nordfjordeid - Amper stemning ved ein utestad i sentrum. Politiet til staden. Ein person til fekk tilsyn av helse. Saka blir følgd opp.

02:06 Florø - Berusa kvinne hadde tatt kvelden i sentrum. Tatt hånd om av politiet og avlevert på bopel.

01:06 Florø -Berusa kvinne lagde kvalme i sentrum. Bortvist

00:44 Olden - Melding om husbråk. Partane, som hadde inntatt ein del alkohol, hadde roa seg når politiet ankom. Pålegg om å halde seg rolege.

00:30 Sogndal - Melding om masseslagsmål i sentrum. Politi og ambulanse til staden. Tatt personalia på partane. Saka blir følgd opp.

00:00 Nordfjordeid - Melding om støy / høg musikk frå ein bustad i sentrum. Politiet til staden og fekk dempa festen.

22:52 Florø - Berusa person innbrakt for ordensforstyrrelse. Dimmitert seinare på natta. Ilagt pålegg om å halde seg borte frå sentrum.

23:10 Bryggja - Politiet har foretatt promillekontroll på Bryggja, krysset RV15 / FV61. Totalt 15 kontrollerte, ingen utslag.

Lærdal - ein mann i 30 åra satt i arrest etter å ha køyrt i rusa tilstand, vore truande samt funn av narkotika i bilen.

Les også