Mann funnen død på fjellet i Sogn

Publisert 10.05.2017 07:45, oppdatert 10.05.2017 07:45 - NTB - tips@stottmedia.no

Mann funnen død på fjellet i Sogn

Ein mann i 30-åra blei tysdag kveld funnen død i fjellet ved Melsnipa mellom Balestrand og Fjærland i Sogn. Mannen var meldt sakna etter ein fjelltur.

Mannen reiste på fjelltur laurdag. Han blei meldt sakna av familien tysdag sidan han ikkje kom heim. Leiteaksjonen blei sett i verk ved 17-tida, og to timar seinare blei mannen funnen død. Årsaka til hendinga er ikkje kjend.

– Vi har ikkje fått snakka med mannskapa våre enno, det er dårleg samband i området, seier operasjonsleiar Olaug Holme hos politiet i Sogn og Fjordane til NTB.

Den døde blei henta ned frå fjellet med redningshelikopter klokka 19.12. Det er ikkje teke noko avgjerd om han skal obduserast.

Les også