Lærdalstunnelens far er død

Publisert 04.12.2017 11:04, oppdatert 04.12.2017 11:04 - - tips@stottmedia.no

Lærdalstunnelens far er død

Søndag 3. desember døydde Kjell Opseth, 81 år gamal. Spora av han er for alltid hogge i stein - 24,5 kilometer stein, for å vere nøyaktig. 

Hadde det ikkje vore for førdianaren og den tidlegare samferdsleministeren Opseth, hadde vi truleg ikkje hatt Oslo Lufthamn Gardermoen eller verdas lengste tunnel - Lærdalstunnelen. 

Opseth vil bli hugsa som ein politikar som fekk ting gjort. Blant anna landa han avgjerda om kvar landets hovudflyplass skulle ligge, etter to tiår med strid og dragkamp.

I 1992 vann Opseth kampen, etter godt politisk handtverk - eller hestehandel og Gardermoen vart utpeikt som ny hovudflyplass. Anleggsarbeidet starta i 1994. Fire år seinare - i 1998 - opna den nye flyplassen. I 2014 var passasjertalet på Gardermoen over 24 millionar årleg. 

Eitt år etter at anleggsmaskinene starta opp for å bygge flyplassen, i 1995, begynte anleggsarbeidet på Kjell Opseth sitt andre store prosjekt - Lærdalstunnelen. Fire år seinare kunne arbeidarane juble for gjennomslag i kjempeprosjektet, og tunnelen vart offisielt opna av Kong Harald for nesten nøyaktig 17 år sidan - 27. november år 2000. 

Opseth blir heidra av partifeller og kollegaer på Stortinget, og er ein av dei mest markante politikarane fjordfylket har sendt til Stortinget i moderne tid.

Les også