Kritisk skadd etter at personbil og bubil kolliderte i Flora

Publisert 19.04.2017 08:44, oppdatert 19.04.2017 08:44 - NTB - tips@stottmedia.no

Kritisk skadd etter at personbil og bubil kolliderte i Flora

Føraren av ein personbil er kritisk skadd etter at ein bubil og ein personbil kolliderte ved Storebru i Flora kommune i Sogn og Fjordane tysdag ettermiddag. 

Frontkollisjonen skjedde på riksveg 5 ved Storebru, søraust for Eikefjord like før klokka 12.30.

Ifølgje NRK er føraren av personbilen frakta med luftambulanse til Førde sentralsjukehus med kritiske skader. Ei kvinne og ein mann som var i bubilen, er lettare skadd.

Riksvegen var stengt i begge retningar i omtrent ein time.

(©NPK)

Les også