«Huldri» tar med seg juleshow til den nye scena i Førde

Publisert 17.11.2017 18:59, oppdatert 17.11.2017 19:00 - Redaksjonen - tips@stottmedia.no

«Huldri» tar med seg juleshow til den nye scena i Førde

- Larris ringde og lurte på om eg kunne stille med juleshow og då det er klart gnisten kom. Eg var klar til å lage noko nytt umiddelbart, seier Helena Bremer Farsund.

Førde: Farsund & Co er i år tilbake med det som vert det sjuande showet i rekka, men i anledning det tredje juleshowet har ensemble av karakterar valt å bevege seg over til den nye scena på Scandic SunnFjord Hotel & Spa.

- Tidlegare har vi helde til på Førde Hotel med juleshowa våre, men etter at Fred Reiersen ringde og ville ha oss over på Larris-scene, så måtte eg berre hoppe på. Scena trigger meg, den er så fin, seier Bremer Farsund til Fordeby.no

Tics og tourettes

Namnet på showet er «Jakten på julefreden, trur eg» - der "trur eg" vert eit hengande spørsmål ettersom både tics og tourettes er ein del av manus i historia som skal omhandle dei lokale bygdesjarmørane og dei som fell litt utanfor rundt omkring i landet.

- Det vert ei blanding av bygdehumor, allmen humor, rar humor, ja, det er vanskeleg å beskrive humoren. Hugs, i humor ligg det ofte eit djupt alvor, seier ho.

IMG_3663

Juleshowet tek form under ei av øvingane ved Nærleiken barnehage i Førde. Foto: Førdeby.

- Det blir ekstremt og smågale, men og gjennomtenkt. Det ligg alvor i kvar karakter. Anten døyr ein av latter eller så føl ein det bodskapet som faktisk ligg der. Og, det blir mykje vakker sang.

- Gledar seg som ein unge

Huldri, som ho kaller seg, påpeikar at det er eit heilt nytt show som står på programmet.

- For dei som har vore med tidlegare, eller som var på showet i fjor, er årets "brand new". Ein vil kjenne igjen nokre av karakterane, men dei har utvikla seg, samtidig som det vert nye folk og nye karakterar, og songar.

Manus er det Helena som har skrive, forutan tre av songtekstane som Gro Nesse Bremer står bak, og med seg på laget, i år som i fjor, har ho blant anna «Charter-Svein» Østvik.

- Han er med i år også, og gledar seg som ein unge. 

Regissøren er Reidun Støfring, songinstruktøren er store søster til Huldri, Gro Nesse Bremer 

21766872_10155912895002189_7015958463493948860_n

Her kan du bestille billettar til showet.

- Billettsalet er i gang, og ein kan velge om ein berre vil ha show, eller slå det saman med ein god julemiddag på hotellet som ein pakke. Uansett er det berre å hoppe på toget, reklamerer Bremer Farsund, med eit smil.

Les også