- Ho har «Fame-faktoren»

Publisert 02.11.2016 10:33, oppdatert 02.11.2016 10:33 - Børje Fonn Skaar - tips@stottmedia.no

- Ho har «Fame-faktoren»

Elevane ved Sunnfjord Folkehøgskule har øvd intensivt i to veker. Til helga håpar dei det skal bli Fame-suksess.

Førde: - Eg har høyrt at fjorårets «High School Musikal» trekte fult hus, så vi håpar at Fame vert ein suksess også, seier fotolærar ved høgskulen i Førde, Eivind kise, til Fordeby.no tysdag ettermiddag.

På scena i kinosalen i Førdehuset er kring 90 elevar i sving med ei av dei siste prøveframsyninga før det brakar laus på torsdag.

- På torsdag og fredag føremiddag skal vi vise fram stykket til lokale skuleelevar, og så vert det vising til publikum på fredag klokka 18.00, reklamerer han.

- Her blir det både musikk, drama, dans og sjølvsagt mykje vennskap og kjærleik.

Fame-faktor

Den originale musikalen Fame, er eit amerikansk ungdomsdrama frå 1980 og har seinare blitt filmatisert og produsert som TV-serie. Nyinnspelinga i 2009 vant to Oscar for beste musikk og beste song.

I ei av hovudrollene til elevane i Førde si oppsetting finn vi Anne Noddeland, som skal spele karakteren Serena.

- Eg merkar at eg begynner å bli spent og nervøs. Eg er nervøsspent. Det verste som kan skje er at eg gløymer noko av teksten eller dansetrinna. Men vi har øvd mykje i snart fire veker, så eg trur det skal gå bra, seier 20-åringen med eit smil.

- Ho har Fame-faktoren, legg Kise til.

- Det er kjekt å høyre, svarar Noddeland med eit hakk høgare sjølvtillit.

Førestillinga kan du som sagt få med deg fredag klokka 18.00 på Førdehuset.

IMG_7334
IMG_7341

Elevane ved Sunnfjord Folkehøgskule begynner å bli klare til tre framsyningar torsdag og fredag. Anders Alvaro Gjengedal Nydal regisserer stykket. Foto: Børje Fonn Skaar.

Les også