Foto: Sogndal Fotball.

Publisert 22.02.2018 12:55, oppdatert 22.02.2018 12:55 - Sogndal Fotball, pressemelding - tips@stottmedia.no

- Har hatt ei fantastisk tid i Sogndal

Bjørn Inge Utvik har vore på ein snarvisitt i bygda.

Sogndal: Etter fem sesongar i kvitedrakta, er no Bjørn Inge Utvik i full gong med sesongførebuingane i Sarpsborg 08. 

Han har vore på ein snarvisitt her for å henta resten av flyttelasset, og nytta då høvet til å trena litt med kompisane.
Det skal innrømmast at det var litt rart å sjå Bjørn Inge i blå treningsklede i går. Då han var på treninga i dag, var han tilbake med treningsjakke med SPV- og Lerum-logo.
- Bakke sa at eg måtte kle meg skikkeleg om eg skulle springa rundt i hallen her, så då måtte eg gjera som han sa, smilte Bjørn Inge då underteikna konfronterte han med klesbytet.

Etter treninga i går, fekk me nokre ord med Utvik.

- Eg har hatt ei fantastisk tid i Sogndal, og det hadde vore kjempekjekt å få spela i kvitedrakte igjen om nokre år. Men før den tid, håpar eg å få oppleva mykje spennande andre plassar, seier den sympatiske karen frå Avaldsnes i dette intervjuet.

Les også