Foto: Fjordane Advokatkontor/Finn.no

Publisert 27.11.2017 11:34, oppdatert 27.11.2017 11:34 - - tips@stottmedia.no

Fylkets billegaste bustad

Høyanger er kanskje ikkje verdas navle, men å få ei rekkehusleilegheit for i overkant av 2500 kroner/kvadratmeter må likevel kunne kallast eit røvarkjøp. 

Den er 109 kvadratmeter primærrom, brutto 138 kvadratmeter, ligg på Dale i Høyanger og hadde i utgangspunktet ein pris på 220 000 kroner - like over 2000 kroner per kvadratmeter.

Men sjølv i ei bygd der det ikkje akkurat er rift om bustadene, var dette for godt til å vere sant. Budrunden er i gong, og høgaste bod er i skrivande stund (mandag 27. november) på 275 000 kroner. 

Med lån på heile kjøpesummen og rente på to prosentpoeng årleg, vil den nye eigaren måtte betale 5 500 kroner i renter årleg, eller i underkant av 460 kroner i månaden. Dette før skattefordelen. 

På den andre sida er dei årlege kommunale avgiftene 9 195 kroner - nesten dobbelt så mykje. 

Med dei strenge lånekriteria bustadkjøparane møter i desse dagar, kan denne bustaden i Høyanger absolutt vere løysinga.

Kravet til eigenkapital på 15 prosent betyr at kjøparen må spare opp 41 250 kroner. Det er vel omtrent feriebudsjettet til gjennomsnittsnordmannen.  

Les også