- Føler at eg burde representere Førde

Publisert 10.01.2017 10:56, oppdatert 10.01.2017 10:56 - Børje Fonn Skaar - tips@stottmedia.no

- Føler at eg burde representere Førde

I fem år har førdianaren Jostein Joshua Fossøy sprunge for Florø. No har sprintaren bestemt at det er på tide å flagge heim. 

 

Førde: - For meg var det eigentleg naturleg at eg sprang for Florø, sidan eg flytta til byen i 2011 under mitt siste år på vidaregåande skule. Dei hadde betre treningsfasilitetar. Men den tilknytinga har minka dei siste åra etter at eg flytta til hovudstaden, kor eg har studert, trena og no jobbar som lærar, seier Fossøy via telefon med Fordeby.no.

- Så då vert det meir naturleg at eg representerer heimstaden min. Tilbake der eg starta med friidrett som ung. Samtidig har eg god kontakt med dei gamle trenarane mine der, Håkon Løseth og Steinar Gram.

Tilbake i Førde-drakta håpar den eksplosive 25-åringen, som har delteke på to utgåver av Bislett Games og har imponerande 10,80 som bestenotering på 100 meter, å komme seg tilbake i same form som han hadde i 2014/2015-sesongen.

- Då var eg i ekstremt god form og det er dit eg vil tilbake, slik at eg kan knive med dei tidene eg leverte då. Eg sprang også på 10,56 i Florø det året, men det løpet vart underkjent grunna for sterk medvind. Samtidig tangerte eg rekorden min på 10,80 under fjorårets Bislett Games, så eg ser positivt på dette året. Kroppen følast bra, seier Fossøy.

NM-innandørs

Dei neste vekene skal førdianaren førebu seg til NM innandørs, som går av stabelen i Ulsteinvik om ein knapp månad.

Fossøy seier at timeplanen opp mot NM er spikra.

- No skal eg til Gøteborg og springe denne helga, Bergen helga etter og så generalprøve i Florø 28. januar.

- Kva forventningar har du til deg sjølv under NM?

- Eg vert skuffa om det ikkje vert finaleløp på 60-meteren. Medalje hadde vore veldig gøy, seier sprintaren, som har sprunge distansen på 6.87 tidlegare.

- Den tida er eit tidel bak EM-kravet. Kanskje eg nærmar meg det i år, avsluttar han undrande.

Jostein1-orginal

Etter fem år i Florø-drakta er Jostein Joshua Fossøy tilbake på springebana i heimedrakta. Foto: Privat.

 

Les også