Fartskontroll, lågpromille og feststemning

Publisert 09.10.2017 11:02, oppdatert 09.10.2017 11:02 - - tips@stottmedia.no

Fartskontroll, lågpromille og feststemning

Politiet gjekk på livleg fest i Førde, men øydela stemninga. Elles var helga prega av trafikkontrollar.

Etter å ha fått inn klager frå naboar, fann lovas lange arm ut at også dei ville sjekke ut festen i Førde sentrum seint natt til søndag. Det falt på steingrunn, og dei opprinnelege festdeltakarane avslutta det lystige laget, melder politiet. 

I Førde var det fartskontroll, og ein måtte gje frå seg sertifikatet etter å ha blitt målt til 90 km/t i 60-sona. Seks andre slapp med bot, opplyser politiet i Sogn og Fjordane. Høgste fart blant desse var 79 km/t. 

I Florø vart ein person under 18 år henta av far sin etter å ha sparka politiet, vist falsk legitimasjon og vore berusa på byen. Det er ikkje opplyst om saka vil få rettsleg oppfølging. 

Ein av 163

Av dei 163 bilførarane som måtte blåse i promillekontroll i Stryn sentrum, viste ein blåseprøve utslag. Politiet opplyser at det dreier seg om lågpromille, og dei uniformerte køyrde føraren heim. Truleg ender denne pusteøvelsen med eit forenkla førelegg. 

På Nordfjordeid var også politiet på pletten. Dei kontrollerte i alt 103 køyretøy, utan å finne noko å sette fingeren på. 

Ein bil havna utfor vegen ved Ryggabrua i Førde natt til laurdag. Det er ikkje mistanke om noko ulovleg i samband med dette trafikkuhellet, melder politiet.

Også i Årdal - på svært glatte vegar - hadde føraren store problem med halde bilen på vegen. Til slutt enda det på taket i grøfta. Ingen av dei to i bilen fekk personskader, blir det opplyst. 

I løpet av helga var det også mange hjortepåkøyrsler i fylket. 

Les også