Eldre har høgare renter

Publisert 19.10.2017 11:41, oppdatert 19.10.2017 11:41 - - tips@stottmedia.no

Eldre har høgare renter

Dei over 70 har 0,6 prosent høgare renter på bustadlånet enn 20-åringane. Det kjem fram i ei undersøking gjort av Dagens Næringsliv.

Grunnen til at eldre, som ofte har betre sikkerheit og er sikre betalarar, har dårlegare lånebetingelsar enn dei unge er truleg at dei ikkje er så flinke til å kontakte andre bankar for å skaffe seg dei beste rentene. 

Talgrunnlaget kjem frå 3700 renterapportar frå 2015 til 2017. 

Også 40-åringane kjem dårlegare ut enn 20-åringane. Men her er det berre snakk om 0,1 prosent høgare renter enn for den yngste gruppa, opplyser avisa. 

Les også