Ekspertane om terassebygging: - Planleggingsfasen er veldig viktig

Publisert 06.06.2018 22:15, oppdatert 06.06.2018 22:15 - Førdeby - tips@stottmedia.no

Annonsørinnhold

Ekspertane om terassebygging: - Planleggingsfasen er veldig viktig

Er du ein av dei som går med planar om å bygge terasse i sommar, kan det vere smart å lytte til fagspesialistane.

Førde (innhaldsmarknadsføring): - For meg er det inga årstid som ikkje er eigna til å bygge terasse, men av erfaring er eg klar over at det er høg aktivitet no som sommarmånadane nærmar seg, seier avdelingsleiar for proffmarknaden ved Farsund Bygg, Kjell Engesæter.

Og til dei har han mange råd.

- For det første er det veldig viktig å planlegge godt, og i det legg eg at om ein begynner riktig, blir som oftast resultatet deretter, seier han og ramsar opp:

- Val av rett type bord til terassegolv, riktige skruar, farge, og råd til korleis ein skal behandle materiale er alt noko ein må tenke over.

Skal vere stilreint

Det seiast at nordmenn er meir opptatt av estetikk enn nokon gang tidlegare, og det same gjeld innan terrasse. På Farsund Bygg i Førde er det i all hovudsak fire terassebord som vert levert til den kravstore kundemassa.

IMG_3978

Kjell Engesæter og Ørjan Ramstad kan det meste om bygging av terasse. Foto: Førdeby.

Vanleg grøn CU-impregnert, kebony eller royalimpregnert i brun og grå farge.

- Kompositt terrassebord, som er vedlikehaldsfrie,  ser vi kjem meir og meir også.

Les deg opp om terassebord på Farsund Bygg sine nettsider her.

- Skilnaden på dette er kor mykje arbeid ein må legge ned i vedlikehald. Mange trur at dersom ein ser vekk i frå den grøne CU-impregnerte, at dei andre er vedlikehaldsfrie. Alle terrassar skal vedlikehaldast, anten med vasking eller oljing etter behov. Under montering må alle skårne flater behandlast før montering. Så må ein sjølvsagt reingjøre borda. Då er det viktig å ikkje bli for ivrig med høgtrykkspylaren. Bruk alltid terrasevaskar på høgtrykkspylaren, og bruk vet, seier proffselgar Ørjan Ramstad, med glimt i auge.

- Royal brun og grå held derimot ein del år før dei må oljast på ny. Kebony, som er det dyraste terrassebordet vi har, treng ikkje anna vedlikehald enn vasking.

- Spør oss om råd

Førre sesong skipa Farsund Bygg ut kring 30.000 meter terassebord til kundar rundt om kring i Sogn og Fjordane. Det gjer at dei er overbevist om at det er her ein skal komme om ein søker råd og kvalitet.

IMG_3974

Val av riktige skruer er noko som er viktig når ein skal bygge terasse. Foto: Førdebyn

- Her har vi brei fagkunnskap og leverer deg alt du treng når du skal bygge terrasse, enten du vil gjere jobben sjølv, eller du ønsker at vi skal levere den til deg  Klappet & Klar.

Lurer du på noko, og har spørsmål tilknytta terassebygging, kan du send e-post til Farsund Bygg her.

IMG_4028

Hugs å behandle kantane på borda. Foto: Førdeby.

Les også