- Ei massiv cupbombe

Publisert 27.12.2016 12:32, oppdatert 27.12.2016 12:32 - Børje Fonn Skaar - tips@stottmedia.no

- Ei massiv cupbombe

Førde detonerte cupbomba i 1. runde og sendte Brann på hovudet ut av NM-cupen.

Førde: Førde – Brann: 5-4 

Førde vann onsdag kveld NM-cupkampen mot Brann etter at nesten 3.000 elleville tilskodarar og Førde-spelarar slapp jubelen laus i Hafstadparken, etter at Markus Attila sette femte og siste straffespark bak Brann si sisteskanse.

Brann-spelaren Bismar Acosta bomma på Brann si andre straffe, medan Førde putta ballen bak målvakta på alle dei fem forsøka.

- Eg har gjort dette tidlegare, scora på siste og avgjerande straffe. Eg tenkte at eg skulle sette den i same hjørne som då, og det skjedde, seier Attila, til Fordeby.no etter kampslutt, og legg til:

- Det er slike høgdepunkt som gjer at eg trenar kvar dag. Det er ubeskriveleg herleg, og ein dag skal eg spele toppfotball, seier Førde-spelaren, som kom inn på bana etter 44. minuttar.

- Eg var ikkje nøgd med å kome inn som innbyttar, og ville vise meg fram, seier Attila.

Som forventa

Ifølgje NRK.no er det 77 år sidan Brann rauk ut av cupen i 1. runde. Men det kom ikkje som noko overrasking på Førde sin trenar, Julian Madsen.

- Eg spådde detta resultatet i januar, så eg må nesten seie at eg hadde sett for meg at vi kunne slå Brann.

- Du verkar veldig roleg?

- Forskjellen på Tippeligaen og andre divisjon er ikkje så veldig stor, den er der, men på ein enkelt dag er det mogeleg å utlikne den forskjellen. Vi har marginane med oss, og når alt kjem til alt så vinn vi greitt, sidan dei ikkje greier å score mål, seier Madsen.

- Gutane gjorde jobben

- Men dette er ei cupbombe, Førde slår Brann ut av cupen i første runde?

- Det er ei massiv cupbombe, seier Madsen, og smiler breitt. 

Etter 120 spelte minuttar var det ingen av laga som hadde klart å score på grasmatta i Førde, sjølv om begge lag hadde sine sjansar. Brann hadde flest, men Førde dei klart største. Både Savland og Myrkaskog kom åleine med keeper fleire gongar utan å overliste Brann sin sisteskanse.

Dermed vart det ekstraomgangar og straffespark, der Førde signerte scoringslista med spelarane Kristoffer Iversen, Vegard Savland, Simen Melhus, Øystein Myrkaskog og Markus Attila.

Brann missa på straffespark nummer to og er dermed ute av NM-cupen, medan Førde tar seg vidare.

- Det gleder oss veit du. Det gjør vondt å unngå å sleppe inn mål i 120 minuttar mot Brann, men den jobben gjorde gutane i dag, avsluttar Førde-trenaren, på veg inn i garderoben.

IMG_5698_imagefull
IMG_5848_imagefull
IMG_5972_imagefull
IMG_6111_imagefull
IMG_5956_imagefull

Les også