- Eg likar at ein har alt under same tak

Publisert 25.06.2017 00:38, oppdatert 25.06.2017 00:43 - Redaksjonen - tips@stottmedia.no

- Eg likar at ein har alt under same tak

Det «nærmar»  seg sommar, sol og tid vekke frå arbeidsplassen, men på Elvetorget i Førde sentrum er dette kjekke arbeidsdagar med stor aktivitet.

Førde (samarbeidspartner): For mange er ferie synonymt med reise vekk og oppleve sol, strand, shopping og sosiale hendingar. Men det ein kanskje gløymer er at alt dette er noko ein kan oppnå med ein tur på sitt lokale kjøpesenter – som på Elvetorget i Førde sentrum.

Om ein ser vekk frå stranda, og kanskje ei og anna regnbye som nesten er umogeleg å unngå her i vest.

Marknad og konsert

Senterleiar Anne Karin Steen, er ei av dei som er klar til sprite opp sommaren med blant anna marknad og konsertar på senteret.

- Det er noko vi tenker på heile tida, at det skal skje ting på huset, og ute på plassen. Kundane våre skal kunne sette pris på å handle her. 

Fordeby.no har snakka med nokre av desse kundane, og spurt kva dei set pris på under ein handletur.

IMG_2518

Eivind Engelsen har med seg 8-åringen Marius Sund Engelsen på handletur. Dei to kjem frå Sande, men seier at dei er innom Elvetorget ein gong i veka.

- Eller nokre gongar vert det to eller tre, påpeiker Eivind, med eit smil.

- Eg likar at alt er under same tak her. Som daglegvarehandel, apotek, kafé og klesbutikkar. Det er vel eigentleg hovudgrunnen, men så treffer ein som regel nokon ein kjenner også. Då er det greitt å kunne sette seg ned på ein kafe, så det sosiale aspektet er også viktig.

IMG_2689

For tenåringane Eirin Edvardsen (15), Mari  Rygg (16) og Oda Lothe (16) betyr handel på senteret, at dei kan finne noko dei ikkje har på sin eigen heimstad.

- Her er det mange kule butikkar som har mykje av det vi ikkje har på Sandane, og så er det veldig sentralt, med tanke på at vi kan gå rett frå bussen og bort hit, seier dei tre venninnene, som er på besøk grunna tannlegebesøk, medan dei skummar gjennom klesplagg på Bik Bok.

- Så det blir ein tur innom kafé og klesbutikkar kvar gong vi må til tannlegen i Førde, seier dei med eit smil.

IMG_2550

Kameratene Brage Olav Snildal Nitter (11) og Eskil Bruflått Nordnes (12), seier at dei er innom senteret kvar helg – mest for det sosiale, men også litt shopping.

- Vi er her kvar helg. Nesten to gonger i veka, seier dei to, og legg til:

- Butikkane er bra, og så har dei alt, seier Snildal Nitter.

- Eller kanskje ikkje alt, seier Nordnes tenkande.

- Men vi treff mange kjentfolk her, så det blir mykje henging også.

Men tilbake til kva som skjer på Elvetorget i sommar:

24. juni: Sommarmarknad på Torgplassen. Torgstemning med utekafear, butikkar. Her kjem Reodorklubben også

6.-8. juli: Konsertar på scena på Torgplassen i regi av Førde Folkemusikkfestival

29. juli: Marknad på Torgplassen med blant anna Bondens Marked

IMG_2450-2

Senterleiar Anne Karin Steen seier at det er viktig for dei at kundane skal oplleve ein tur på Elvetorget som hyggeleg. Foto: Førdeby.

- Dette er berre noko av det vi gjer for at kundane skal kose seg på Elvetorget i sommar. Det er mykje arbeid bak kulissane, utanom arrangement, marknadar og andre hendingar, seier Steen.

Triveleg

- For det første er vi bevisst på at det skal vere triveleg å komme hit. Torgplassen er hovudinngangen og skal alltid vere innbydande, som vert til med rydding og dugnad. Vi er opptatt av at det skal vere god plass inne på senteret, med benkar og store fellesareal. Elles prøver vi å gjere det slik at det er eit "levande" miljø på huset, utan at det vert sterilt.

Men det er ikkje berre det visuelle og eit indre liv som er viktig på senteret som har 38 butikkar, fordelt på eit 10.000 kvadratmeter stort forretningsareal.

- Fagkunnskapen på huset er stor og her er det personell som er ekspertar innan sykkelreperasjon, farmasi og handverk for å nemne noko. Er det noko, så skal ein kunne få den hjelpa ein treng på ditt lokale kjøpesenter i Førde, avsluttar senterleiaren.

Andre arrangement i løpet av 2017:

1.-3.september: Aktivitetar i forbindelse med Elvetorget Handballcup og Førde Opp

10.november: Nattope og trekning av hengar

2.desember: Julegrantenning på Torgplassen

Les også