- Eg er så nervøs at eg veit ikkje kva

Publisert 29.11.2016 13:52, oppdatert 29.11.2016 13:52 - Børje Skaar - tips@stottmedia.no

- Eg er så nervøs at eg veit ikkje kva

Torsdag syng Helena Bremer Farsund jula inn med den nye cabaret-oppstillinga si «Jakten på Julefreden».

Førde: - Herregud så nervøs eg er. Eg går rundt med konstante nervetokter og veit ikkje kva eg seier til folk akkurat no, seier Farsund med rungande latter.

Torsdag kveld går startskotet, oppladinga til årets jul med Farsund si eigenlaga cabaretførestilling «Jakten på Julefreden». Med seg har ho både erfarne, og unge lokale songarar og dansarar – samt «Charter Svein», som for første gong kan kallast «Cabaret Svein» Østvik.

- Førestillinga tar for seg det at alt og alle skal vere så perfekte som mogeleg heile tida. Og set ein dette på spissen er det berre plass til nokre av oss i denne boksen. Er ein annleis, så dett ein utanfor og akkurat det vil eg rette ein peikefinger mot.

- Det må vere lov for alle å oppnå julefred og kjærleik. Noko som eg meiner blir vanskelegare om ein føler seg utanfor, seier ho.

Dans og moro

Og legg raskt til at det blir mykje dans og humor.

- Det er det som er hovudingrediensen, smiler ho.

- Kva er eigentleg forskjellen på ein revy og cabaret?

- Nei, det er vel det at det skal vere ein raud tråd gjennom heile førestillinga i ein cabaret, innan både dans, song og i sketsjane. I ein revy er det mogeleg å hoppe litt meir rundt.

- Forventar de mange publikummarar?

- Billettsalet går veldig bra. Torsdag er det enda ein del plassar ledig, medan fredag og laurdag begynner å fylle seg opp. Så du kan skrive at folk må hive seg rundt, reklamere Farsund, med eit smil.

Showet kan du sjå på Thon Førde Hotel torsdag klokka 20.00. Fredag og laurdag startar det klokka 21.00.

Les også