Drømmekjøkkenet finn du hos XL Farsund Bygg

Publisert 21.03.2017 13:10, oppdatert 21.03.2017 13:43 - Rein Design - tips@stottmedia.no

Annonsørinnhold

Drømmekjøkkenet finn du hos XL Farsund Bygg

Torsdag 23. mars opnar XL Farsund Bygg si nye kjøkkenutstilling. I mange veker har handtverkarar skrudd, snikra og montert Førde sin nyaste, og kanskje finaste, kjøkkenutstilling. No gler dei seg til å ta imot kundane.

Innhaldsmarknadsføring: Kjøkkenet er hjartet i eit hus! Å komme inn i dufta av mat og samle seg rundt matbordet, er høgdepunktet i både kvardag og fest. Farsund Bygg har lagt ned mykje tid, pengar og engasjement på å skape ei kjøkkenutstilling der dei får vist fram utvalet sitt på beste vis, til glede for både kundar og tilsette.

– Vi er kjende for å ha store og gode utstillingar, og for å stadig modernisere oss. Med både konseptbutikk på XL Bygg og ny Drømmekjøkken-utstilling har vi gjort det vi kan for at kundane skal føle seg vel og få lyst til å handle, så då håpar vi dei er einige i det, smiler Kjell Engesæter, som er avdelingsleiar på Proff-marknad.

– Den gamle utstillinga var fem år. Nordmenn er oppteken av trendar og oppussing, så det er viktig at vi heng med og fornyar oss. Eit fem år gammalt kjøkken – det er gamalt, smiler butikksjef Kariann Loen-Nataas. – Vi meiner sjølv at dette er den flottaste kjøkkenavdelinga i Førde, så no er vi rusta for framtida.

Ein fysisk Drømmekjøkken-katalog

Hovudrolla i utstillinga spelar Drømmekjøkken. Ein kvalitetsleverandør med stor utval.

– I ein stille marknad har dei auka med 11-12 prosent årleg, takka vere stort utval, og at dei er gode på levering. Drømmekjøkken er innovative, og kjem stadig med nye produkt til glede for forbrukarane. Dette vil vi vise fram. Utstillinga viser dei siste trendane, og du skal kjenne att kjøkken, fargar, frontar og fliser frå katalogen til Drømmekjøkken. Om du kjem inn med katalogen i handa, skal det følast som du står i katalogen når du lukker den, seier Kjell.

Foto: Rein Design.

–Vi har også laga eit nytt showrom, der du får full oversikt over fargeprøver, fliser og så vidare. Vi får vist fram det mest moderne innan kjøkken, frå frontar til kranar.

Dei har og teke inn kjøkken frå produsenten LAGA, som leverer rimelegare kjøkken.

– Dei konkurrerer med alle flatpakka billeg-kjøkken. Det gjev oss breidde - frå det tøffe og moderne, til det litt billigare du kan ha i hybelleilegheita di.

Speler i kjøkken-eliteserien

– Målet med alt vi har gjort er at det skal vere kjekt og inspirerande å komme hit. Vi har lyst å spele i ”eliteserien” på kjøkken. Kundane blir stadig meir kvalitetsbevist, så der må vi levere, smiler Kariann.

– Rehabilitering er vår største marknad. Vi ønskjer å utvikle vår posisjon der, og girer opp for å henge med i konkurransen. Kjøkkenmarknaden i Førde er knallhard, med 8-9 ulike merke.

–Førde har eit stor omland også. Vi har kundar frå Bremanger, Flora, til Stryn, Gloppen, Balestrand, Florø, Dale, Høyanger, Askvoll og Atløy. Og frå Gulen, sjølv om det er kortare veg til Bergen. Det er eit godt skussmål for utvalet vårt.

Investering i framtida

– Kor mykje kostar det å lage ei moderne kjøkkenutstilling med eit fungerande kjøkken i?

– Det torer eg knapt tenke på, ler Kjell.

– Men det er verdt kvar ei krone. Vi har fått ei flott, inspirerande utstilling, der kunden får oppleve moglegheitene i det breie utvalet til Drømmekjøkken. Du treng ikkje reise ut av Førde for å finne ditt drøymekjøkken. Dei fleste vil finne kjøkken som dekker deira behov hos oss, lovar han.

– Vi har montert eit fullt brukskjøkken – som blant anna skal brukast til kunde- og inspirasjonskveldar. Her kjem du inn til lukta av nysteikte bollar, så kan du sette deg ved langbordet og nyte. Så håper vi dei tenker: Slik vil eg ha det heime, smiler Kariann.

– Vi måtte kjernebore for å legge inn vatn her, smiler Kjell. – Det tok ei veke, men det var verdt innsatsen. Som lokal forhandlar, med 60 års erfaring, er vi oppteken av å spele på lag med lokale bedrifter. Å bidra til eit sterkt lokalt næringsliv, og ta vare på kompetansen dei har, er viktig. Difor brukte vi dyktige, lokale bedrifter vi har eit kundeforhold til, som Malargruppa, Byggteam, Relacom, og Dale rør. Dei har gjort ein kjempejobb.

Foto: Rein Design.

Erfaring, kompetanse og vilje til å utvikle seg

Ein ting er å legge tid og pengar i å bygge ei moderne kjøkkenutstilling. På XL Farsund Bygg er dei vel så opptekne av å heve kunnskaps- og servicenivået – kvar dag.

– Beste marknadsføringa er nøgde kundar. Det er det vi jobbar mot - og for. Å drive butikk er kjekt, spesielt når du har nøgde kundar, og ein sjølv føler at ein gjer ein litt betre jobb for kvar dag. Det er det som driv oss. Vi skal alltid vere oppdatert, på produkt, fagkunnskap og service. Kundane skal vere trygge på at dei får fagkunnskap i alle ledd, frå seljar til kjøkkenteiknar. Vi har dyktige folk, med lang erfaring innan interiør og byggvare. Folk som står i jobben sin lenge, fordi dei trivast og får utvikle seg. Vi både har kurs og sender folk på kurs hos leverandørar ofte. Og kvar dag jobbar vi knallhardt for å yte endå betre service. Ein blir aldri utlært, det er berre å sette kunden i fokus og jobbe hardt, fastslår Kjell.

– Ein kan alltid bli betre på service, og selje meir. Det krev dei rette verktøy. Det har vi, med kombinasjonen av dyktige tilsette og ei topp moderne kjøkkenutstilling, seier Kariann.

Les også