Førde: - Vi har gleda oss som nokre ungar i mange månadar no, seier Jostein Vedvik og Josef Benoni Ness Tveit til Fordeby.no.  Fredag startar ungdommens olympiske leikar, der det i løpet av ni dagar vil bli arrangert 70 medaljeøvingar i 15 vinteridrettar. På «tapeten» står også over 150 kulturarrangement.  Sendte inn søknad  Ness Tveit og Vedvik seier at dei var heldige som kom seg med i leikane sitt medieteam.  - Det er rundt 30 personar som er med i mediateamet. For å komme med måtte vi sende inn ein søknad der vi viste kva vi kunne. Men vi hadde nok aldri vore her i dag utan den tidlegare medialæraren vår, Olav Øygard, og hans kontaktar, seier Vedvik, og legg til:  - For å vere ærlig så hadde eg ikkje høyrt om Ungdoms-OL.  Leikane i Lillehammer vert det fjerde i rekkja av OL for ungdom. 1100 utøvarar i alderen 15 til 18 år skal konkurrere i 70 øvingar.  Gledar seg  - Kva blir det artigaste med turen?  - Samhaldet med dei frivillige her nede blir nok noko av det beste med opplevinga. Det er over 3000 av oss og det er planlagd mange aktivitetar utanom arbeidet med foto, så det blir kjekt. Eg trur desse vekene blir veldig givande for oss, seier Ness Tveit.  - Eg ser mest fram til å ta mange gode bilde av kulturarrangementa, spesielt opningsseremonien. Alle bilda vi tar blir lagt ut på nettet til fri bruk, så draumen er at The New York Times eller anna internasjonal presse skal bruke eit av mine. Det hadde vore ekstremt kult, påpeikar Vedvik.  - Korleis reagerte rektor på at de blir vekke frå skulen?  - Ho var nok litt skeptisk i starten, men veldig positivt innstilt på å hjelpe oss. Turen overlappar med vinterferien også, så det blir ikkje så gale uansett, seier Ness Tveit.  Ifølgje Sogn og Fjordane Idrettskrins er det ingen utøvarar frå fylket som deltar under leikane.

Publisert 08.02.2016 14:53, oppdatert 09.02.2016 14:27 - Børje Fonn Skaar - tips@stottmedia.no

- Draumen er å hamne i «The New York Times»

To medieelevar ved Hafstad VGS reiste i dag til Lillehammer og Vinter-OL for ungdom. Der blir dei i om lag to veker. 

Førde: - Vi har gleda oss som nokre ungar i mange månadar no, seier Jostein Vedvik og Josef Benoni Ness Tveit til Fordeby.no.

Fredag startar ungdommens olympiske leikar, der det i løpet av ni dagar vil bli arrangert 70 medaljeøvingar i 15 vinteridrettar. På «tapeten» står også over 150 kulturarrangement.

Sendte inn søknad

Ness Tveit og Vedvik seier at dei var heldige som kom seg med i leikane sitt medieteam.

- Det er rundt 30 personar som er med i mediateamet. For å komme med måtte vi sende inn ein søknad der vi viste kva vi kunne. Men vi hadde nok aldri vore her i dag utan den tidlegare medialæraren vår, Olav Øygard, og hans kontaktar, seier Vedvik, og legg til:

- For å vere ærlig så hadde eg ikkje høyrt om Ungdoms-OL.

Leikane i Lillehammer vert det fjerde i rekkja av OL for ungdom. 1100 utøvarar i alderen 15 til 18 år skal konkurrere i 70 øvingar.

Gledar seg

- Kva blir det artigaste med turen?

- Samhaldet med dei frivillige her nede blir nok noko av det beste med opplevinga. Det er over 3000 av oss og det er planlagd mange aktivitetar utanom arbeidet med foto, så det blir kjekt. Eg trur desse vekene blir veldig givande for oss, seier Ness Tveit.

- Eg ser mest fram til å ta mange gode bilde av kulturarrangementa, spesielt opningsseremonien. Alle bilda vi tar blir lagt ut på nettet til fri bruk, så draumen er at The New York Times eller anna internasjonal presse skal bruke eit av mine. Det hadde vore ekstremt kult, påpeikar Vedvik.

- Korleis reagerte rektor på at de blir vekke frå skulen?

- Ho var nok litt skeptisk i starten, men veldig positivt innstilt på å hjelpe oss. Turen overlappar med vinterferien også, så det blir ikkje så gale uansett, seier Ness Tveit.

Ifølgje Sogn og Fjordane Idrettskrins er det ingen utøvarar frå fylket som deltar under leikane.

Les også