- Det var vel ingen av oss som viste noko stort talent i byrjinga

Publisert 16.01.2017 14:07, oppdatert 16.01.2017 14:19 - Børje Fonn Skaar - tips@stottmedia.no

- Det var vel ingen av oss som viste noko stort talent i byrjinga

Det begynte med at Mona og Trine ville bevise at det ikkje berre er gutar som kan løfte tunge gjenstandar. Neste månad deltek Mona og Trine i VM i kettlebell i USA.

Førde: Førdeby møter Mona Brede Aase (25) og Trine Ryland (18) på treningssenteret Puls i Førde sentrum.

Innerst på senteret, blant eit «hav» av ulike kulørte kuler og store matboksar med kalk, står jentene og varmar opp til kveldens økt.

Det er her Førde Kettlebell-klubb trenar til dagleg, og her oppkøyringa til VM i Los Angeles 23 – 26. februar skal gjennomførast.

- No blir det mange harde økter og tung trening inn mot byrjinga av neste månad. Det må til om vi skal stå løpet ut i dei ti minuttane det skal konkurrerast i under verdsmeisterskapet, seier Brede Aase.

Begge to skal delta i øvinga «longcycle», der ein skal støyte to kuler over hovudet flest mogeleg repetisjonar i løpet av ti minuttar.  

- Eg skal løfte med 16 kilos-kuler, medan Mona skal delta i same klasse som Beate Kårstad Støfring. Dei har to kuler som veg 24 kilo kvar, informerer Ryland.

- Og kva plassering er det de håpar på i California?

- Sidan eg skal opp mot Beate så vert det nok ikkje topplassering, seier Brede Aase og smiler.

- Men eg satsar på å greie 50 repetisjonar. Kva det held til er eg veldig usikker på, sidan det er første gong vi er med på ein så stor konkurranse.

IMG_0613

Oppkøyringa til The California Open Kettlebell Championship er i full gong på Puls Førde. Her ser Trine Ryland på medan Mona Brede Aase slit seg gjennom ein intervall med kulene. Foto: Børje Fonn Skaar.

Også Ryland verkar vere noko usikker på kor langt ho kan nå i meisterskapet.

- Eg veit rett og slett ikkje kvar nivået ligg. Målet er uansett å klare 100 repetisjonar, seier 18-åringen.

Fjernstyrer utøvarane sine

Frå Australia blir både Mona og Trine fjernstyrt av trenaren sin, jølstringen Beate Kårstad Støfring, som blant anna har verdsrekordane i longcycle 2x16 kilo og 2x20 kilo, samt fleire NM-gull og norske rekordar innan sporten.

Ho meiner måla til jentene skal vere innan rekkevidde.

- Oppkøyringa startar no, så får vi sjå kor hard innsats jentene legg ned under treninga. Med Mona er det stort at ho allereie skal løfte 24-kilos kuler, etter så lita tid innan sporten. Trine var uheldig å skada seg på jobb i jula. Vi får sjå om det blir 90 eller 100 repetisjonar ho greier, seier Støfring, til Fordeby.no.

Sjølv har ho ny verdsrekord i sikte.

- Målet er å bli verdsmeister, og slå ho som ligg eit hakk over meg. Min største konkurrent frå USA, og nesten ti år eldre enn meg, Kimberly Fox.

Verdsrekorden i longcycle med 24 kilo er per dags dato på 66 repetisjonar.

Håper sporten vil vekse

Tilbake i Norge og Førde lurer Fordeby.no på om det var talent som dreiv Mona og Trine inn mot den noko utradisjonelle sporten. Begge ristar på hovudet.

- Det begynte med at vi vart med på nokre saltimar med Beate. Det var vel ingen av oss som hadde det store talenten i starten, men etter kvart begynte vi å trene det meir enn ein gong i veka, og no har vi begge tatt NM gull og skal delta i VM, seier Ryland.

IMG_0693

Bjørg Kristin Nesbø (t.v) skal ikkje delta i VM grunna eit lengre skadeavbrekk, men har trua på treningspartnarane sine. - Dei er kjempeflinke, seier ho. Foto: Børje Fonn Skaar.

Brede Aase legg til:

- Det er veldig god trening, både psykisk og fysisk. Pluss at det er ein pådrivar og tenke at vi kan bevise at det ikkje berre er gutane som kan løfte tunge ting.

- Kor mange er de som trenar kettlebell i Førde?

- Vi er kring sju personar her i Førde. Det er ikkje mange, men eg trur det er mange som tykkjer det ser utruleg tungt ut, og vil derfor ikkje prøve. Forhåpentlegvis er det fleire som vil prøve det i framtida, og då trur eg dei vil fortsette også. Alle er velkommen til å prøve, oppfordrar Brede Aase, og spring mot mølla i andre enden av treningssenteret.

Nok prat. Meir trening, tenkjer ho nok, medan ho legg bak seg meter på meter.

Les også