- Det var heilt texas!

Publisert 16.03.2017 11:26, oppdatert 16.03.2017 11:28 - Børje Fonn Skaar - tips@stottmedia.no

- Det var heilt texas!

Førde: For 30 år sidan hadde Førde eit av dei største diskoteka i landet – 750.000 kroner vart investert i gigantiske lyd- og lysanlegg. Det var «Cherie – for you and me».

Tilbakeblikk: - Besøkande vart mållause ved synet av utestaden, skriv dei som var med å starte utestaden i eit presseskriv.

Bartenderen Laila Lien hugsar det slik:

- Det er mange minner, mange spektakulære minner. Eg hugsar ein gong det var overoppheta i lokale, temperaturmessig vel og merke. Då måtte vi som arbeidde der opp på scena å kaste bøtter med vatn ut over gjestane for å kjøle dei ned, fortel Lien, og fortset:

- Ein annan gong var det nokon gaukar på scena som oppfordra til knusing av alle glasa. Heile lokale vart dekka av glasskår, slik at vi måtte bruke snømåke og store glascontainarar for å rydde opp. Det er noko av det verste eg har opplevd.

Laila Lien (midt i biletet) arbeidde som bartender på «Cherie» og seier til Fordeby.no at det var mykje galskap på den tida. Her viser dei fram kontantoppgjeret etter ein kveld på utestaden, som var 100.000 kroner.  Foto: Privat.

Ho nemner også ein kveld rundt påsketider då utestaden var tom for øl på tankane.

- Vi køyrde til Vadheim og fylte opp fleire bilar med ølflasker. Den kvelden låg eg på bargolvet og opna flasker, og sende dei vidare opp til bartendarane, seier Lien til Fordeby.no.

På det meste var det over 900 personar innom dørene på ein kveld, og ein selde tusenvis av liter med øl. Fem 1.000-liter tankar hadde dei tilgang til.

Parkeringskjellar vart disco

Men korleis var dette mogleg i Førde, og korleis vart det til?

Historia starta med at avdøde Martin Ødegaard kjøpte Førde Hotell og bygde eit parkeringshus bak overnattingsstaden. Dette skapte areal med stor takhøgde som ikkje vart brukt, som dei meinte var perfekt å lage til eit mektig diskotek.

- Vi hadde lyst å starte noko unikt. Det skulle vere både stort og flott. Blant det flottaste som var å finne, seier son til Martin, Eirik Ødegaard. Faren var idémakar og drivkrafta bak diskoteket.

I løpet av eit hektisk halvår opna «Cherie» i 1988, med inspirasjon frå nattklubbane i England.

750.000 kroner var mykje pengar for lyd og lys på 80-tallet, men som du ser var resultatet imponerande. Foto: Olav Reiakvam.

- Uavgrensa pengebruk

Interiørarkitekt, Odd Arnstein Tenold, tok på seg oppdraget med å designe og planlegge korleis diskoteket skulle verte.

- Dette var eit av dei mest spennande oppdraga eg har hatt. Eg hugsar vi ikkje hadde noko avgrensing på økonomien, og fekk lage det så flott vi ville. Møblane fekk vi spesiallaga på Møre. Taket såg ut som ein spegel, ein enorm bardisk, ståbord rundt dansegolvet, nedfelte lys i golvet og eit enormt lysanlegg, mimrar Tenold.

Interiørarkitekten bak Cherie, Odd Arnstein Tenold, seier at det var eit av dei mest spennande oppdraga han har hatt. Foto: Stian Sjursen Takle.

Eit eventyr med eit brak

Då Førde arrangerte landskyttarstemne for første gang i 1988, stod diskoteket klar til bruk. Det vart ein suksess frå første dag. Med lange køar og tilreisande som kom frå nær og fjern.

Finn Kirkebø var med på både planlegginga og bygginga av utestaden, men arbeidde og som discjockey.

- Det var eit eventyr. Berre laseren kosta hundretusenvis av kroner og dansegolvet var stappfullt med menneske, seier Kirkebø. Det er også verdt å nemne at laser, lyd og lys i denne prisklassa var ganske unik i denne tida.

Etter nokre år møtte «Cherie», som mange andre utestadar i Førde, motgang.

- Ingen trudde i utgangspunktet at det var mogleg å få til noko slikt i Førde. Til slutt viste det seg at dette stemde, publikum svikta, fortel Ødegaard.

Midt på 90-talet stengde «Cherie» dørene.

Nytt liv

Etter fjorårets suksess, vert det laurdag «Cherie – for you and me» for andre år på rad. Denne gong med gamle godbitar som SNAP! og Pat Sharpe.

Arrangementet begynner klokka 20.00.

Her kan du besøke Facebook-sida deira.

Les også