Det renn inn pengar i Sogn

Publisert 27.11.2017 10:54, oppdatert 27.11.2017 17:22 - - tips@stottmedia.no

Det renn inn pengar i Sogn

Den første veka ved Sogndal skisenter Hodlekve har vore eit eventyr, med to millionar kroner i omsetnad. Også i Sunnfjord har gradestokken spelt på lag med snøkanonane.

Bjørkelia på Jølster kunne melde om gode forhold i helga, og dermed er skisesongen i gong for fullt også der. Det same gjeld på Utvikfjellet.

Men opningsveka til sogningane er vanskeleg å slå. I tillegg til dei preparerte løypene, kunne dei i helga melde om glitrande forhold for dei som likar seg best i uregulert terreng. Og som alltid stiller arrangørane med laussnøbuss som plukkar opp skiløparane når dei har fullført nedturen. 

Hodlekve har budsjettert med ein omsetnad på to millionar kroner før jul, og har dermed nådd målet allereie etter første veka.  Av dei to millionane, er 1,5 millionar kroner i form av sesongkort. Det melder Sogn Avis. 

Les også