Den Extra gode julematen

Publisert 08.12.2016 09:16, oppdatert 08.12.2016 09:16 - Rein Design - tips@stottmedia.no

Annonsørinnhold

Den Extra gode julematen

Når adventstida er her, kjem det noko etterlengta på menyen i kafeen til Coop Extra Førde: Den gode julematen. Den vi har venta på! 

Innhaldsmarknadsføring: Du kjenner den gode lukta av julemat i det du stig inn i kafélokala. Ribbe, pinnekjøt, julepølser og det gode tilbehøyret. Rundt lunsjtider byrjar det å fyllast opp med blide gjestar som nyt julemat.

– Stamgjestane byrjar å spørje etter julematen tidleg i november. Men vi prøver å dra det fram mot advent før vi byrjar selje den. Vi vil ikkje starte jula for tidleg. Det skal vere kos, forventingar og høgtid rundt dette. Det er kjekt å glede seg til julemat ei tid også, seier butikksjef Per Otto Huseklepp og fortel at det går unna når julematen kjem på menyen.

– Dei første to vekene i år selde vi over 600 porsjonar julemat, fordelt på juletallerken, svineribbe, pinnekjøt og julepølse, seier han.

– Så det blir nokre tusen porsjonar før jul. Den store favoritten er svineribba, følgt av juletallerken. Svineribba sel mest år etter år. Det er fordi den er utruleg god, og at pinnekjøt er meir ”personleg” for folk. Den vil dei gjerne lage sjølv heime, og sette sitt preg på.

Den Extra gode julematen

Per Otto fortel kvifor folk strøymer til Extra Kafeen for å nyte julemat.

– Det er her du får den Extra gode julematen, seier Per Otto. Han har glimt i auget, men han meiner det også. Dei er stolte over maten dei lagar, og dei får rettmessig skryt for den.

PerOtto

Per Otto Huseklepp seier kundane set pris på kafe-tilbodet på Coop Extra Førde. Foto: Rein Design.

– Vi meiner jo sjølv at det er vi som har den beste julemiddagen, til den beste prisen, seier han. Vi får mykje positive kommentarar frå kundane. Dei set pris kafé-tilbodet her når dei skal handle.

– Mange reiser eit stykke for å komme hit, og det er mange familiar som legg julehandelen her. Det er ei styrke for oss på kafeen. Når kundane har vore på daglegvare- og byggavdelinga og handla, kjem dei gjerne inn til oss etterpå. Coop Extra er ein ”komplett” julebutikk. Her kan du handle det meste du treng til jul, og no har vi søndagsope fram til jul. Det er eit flott høve til å gjere unna mykje julehandel ein roleg dag. Og når du har handla ferdig, så kjem du inn til oss på kafeen. Her kan du nyte god julemat, med riskrem til dessert, reklamerer han.

– Det er mykje som skal gjerast no i julestria. Då er det godt å sleppe å lage middag sjølv. Den jobben gjer vi med glede for deg, avsluttar han.

 

Les også