Dei harde gåvene får du på Extra Bygg

Publisert 12.12.2016 07:53, oppdatert 12.12.2016 07:54 - Rein Design - tips@stottmedia.no

Annonsørinnhold

Dei harde gåvene får du på Extra Bygg

Du tenker kanskje ikkje på Coop Extra Bygg som ein julegåvebutikk. Men du vil bli kraftig overraska over kva gåver du kan få kjøpt her. For mange av oss set jo pris på harde pakkar. 

Innhaldsmarknadsføring: – Nordmenn likar å pusse opp. Året rundt er det høgt trykk i på butikken innan det segmentet. Men merkeleg nok dabbar oppussinga av i førjulstida, ler butikksjef Rune Øksenberg.
– Heldigvis kjem folk i staden hit på jakt etter den perfekte julegåva, slår han fast.

– Men du, Rune? Folk handlar vel ikkje julegåver på ein byggevarebutikk? De sel jo type golv, garderobeskåp, material, måling og verktøy.

– Det er nettopp det dei gjer, smiler han. – Frå slutten av november er Coop Extra Bygg ein stor julegåvebutikk. Her er det stort trykk av folk på jakt etter gåver til sine kjære. Spesielt når vi har gode tilbod på elektrisk verktøy. Då strøymer det på med folk. Det er veldig kjekt.

Frå det små – til det kjempestore

– I starten vart eg overraska over kor mange som ønskjer seg vedomnar til jul. Og grillar! Vi sel ein god del grillar til jul, smiler han.

– Men verktøy er julegåve nummer ein. Vi har eit arsenal av verktøy, frå fire leverandørar, så her finn du det meste. Så vidt eg veit er vi den største byggevarebutikken på privatmarknaden, takka vere knallhard satsing på kjente merkevarer til dei lågaste prisane. Den kombinasjonen gjer at mange handlar julegåver her. Både elektrisk og handverktøy sel veldig godt. Det er jo perfekte gåver til den som likar å gjere ting sjølv. Det varierer frå vesle Ole som kjøper nytt skrujern til bestefar, til frua som kjøper snøfres til far i huset. Etter boka ”Heil ved”, har det som går på ved vore populære julegåver: Kapp- og motorsag, og ikkje minst økser. Og så har vi ”familiegåvene”, seier Rune og utdjupar.

runeibadekar

Rune Øksenberg set seg til rette i eit av massasjebada som er på Coop Extra Bygg. Foto: Reind Design.

– Då tenker eg på når eit par eller ein familie har sett seg ned og tenkt: Kva har vi lyst på alle saman? Ny baderomsinnreiing, eller moderne garderobeskap, nytt golv i stova, eller kanskje eit massasjebad?

Måling på julaftan også

Søndagsopne byggvarebutikkar er ikkje så vanleg. Men det byr Coop Extra på.

– I fjor heldt vi også søndagsope på trelasten for første gong. Det er vi den einaste aktøren som gjer lokalt. Det var ikkje alle her på huset som hadde trua, men den første søndagen vi gjorde det var det mange bak på lageret som fekk hakeslepp, ler han.

– Det stod kø utanfor porten, og vi sleit i periodar med å hjelpe alle. ”Dette skal vi gjere igjen”, var tonen då. Vi har selt måling på julaftan også, smiler han.  – Mange syns det er fint å handle på ein søndag, i fred og ro – utan stress. Vi merkar at mange har betre tid på søndagane enn elles, og at dei kosar seg med handelen. Her er heile huset opne på søndagane før jul. Eit strålande høve til å handle julemat, gåver og kanskje nytt golv til stova. Og runde av det heile med ein god middag på kafeen. 

Les også