Damene sin dag på Elvetorget

Publisert 13.03.2017 00:00, oppdatert 24.03.2017 10:05 - Børje Fonn Skaar - tips@stottmedia.no

Damene sin dag på Elvetorget

Komande onsdag er det damene som står i fokus på Elvetorget i Førde - med glam, styling og goodiebag.

Førde: (samarbeidspartner) Då blir senteret gjort om til myldreplass der du finn alt innan make-up, hudpleie og hårstyling. Også strikking, babyshower, bordkortlaging,fotografering og mykje meir står på menyen, når handelssenteret set damene i sentrum. 

Klokka 19.30 held stylist, Erlend Elias Bragstad, føredrag på senteret.

Vårens antrekk skal bli vist fram av lokale modellar:

- Det blir ein veldig hyggeleg kveld. Eit avbrekk i kvardagen, seier senterleiar, Anne Karin Steen.

- Tanken er at vi har mykje å by på her på huset, mykje bra fagkunnskap, og det er noko vi har lyst å presentere og vise fram. Og denne gongen blir det for damene.

- Men kva med mannen då?

- Kanskje det vert ein rein mannekveld neste gong. Onsdag får han heller glede seg til ein roleg kveld heime, seier Steen, med eit smil, og legg til:

- Så kjem dama heim oppgradert og nyinspirert.

Gler seg

Ann Helen Karlsen på Vita Exclusive, Eli Aabrekk ved Centrum Salong og Alise Kvammen hos Floke Frisør, er nokon av dei som gler seg til å vise fram nye trendar og kunnskap under onsdagens damekveld.

- Slike happenings trur vi både er inspirerande for kundane og oss som driv butikkar her på senteret. Det er ein oppmerksomhet til dei, samtidig som at vi får vist fram kva vi kan tilby og har av varer, seier dei tre.

- Vi sjår fram til at det blir ein forrykande kveld!

Her kan du besøke deira Facebook-side.

Kvelden startar klokka 18.00 og varer til klokka 22.00, der alle kundar på senteret er med i trekninga av diverse premiar.

Stylist Erlend Elias Bragstad held føredrag. Foto: Presse.

Les også