Blodhemn i Vevring

Publisert 29.09.2017 11:40, oppdatert 29.09.2017 11:40 - Redaksjon - tips@stottmedia.no

Blodhemn i Vevring

Ein mann er funne drepen i Vevring, og under etterforskinga finn politiet også eit lik på havbotnen. Rune Timberlid er ute med ny bok. 

Miljø og sjukehusstrid er for mange så viktige saker at dei er villige til å gå svært langt. Det veit tidlegare journalist og redaktør Rune Timberlid. Den nye boka "Blodhemn" er i så måte perfekt for å engasjere lesarar i heile Sunnfjord. 

På Randen igjen

Rolf Randen er etterkvart ein kjend figur i Timberlid sin litteratur. Dette er åttande gong politimannen dukkar opp og som i forrige Timberlid-bok, "Satans mor", er journalisten Karianne Grinde med for å grave i mysteriet.

Lite anar dei at tidlegare statsminister Trygve Bratteli og hans regjering si avgjerdsle om å etablere eit sentralsjukehus i Førde til fordel for sjukehuset i Florø, skal skape bølger i Førdefjorden 35 år seinare. 

- Timberlid kom endeleg heim 

Det er Selja Forlag som gir ut "Blodhemn". Forleggar Torkjell Djupedal er fornøgd med å få forfattaren heim.

- - Det er veldig kjekt at Rune Timberlid no kom tilbake til oss. Dei tre første bøkene hans om Rolf Randen kom jo ut på Selja Forlag før han melde overgang til storebror Samlaget, fortel forleggar Torkjell Djupedal i pressemeldinga frå forlaget.

Også "den heimvendte sonen" er nøgd med avgjerdsla. 

- Selja Forlag har kort avstand til dei midtre delane av Vestlandet der dei fleste lesarane mine bur, fastslår Timberlid.

Dermed er det berre å dukke ned i nye lik, gruveslam og sjukehusstrid - dersom du har nervar til det. 

Les også