Foto: Privat.

Publisert 01.02.2016 14:33, oppdatert 01.02.2016 14:33 - Børje Skaar - tips@stottmedia.no

- Ekstremt glatt

Bygstad: - Eg møtte på ein kar som hadde køyrt av vegen ned mot Osen bru i Bygstad. Det er ekstremt glatt på vegane i området, seier tipsar, til Fordeby.no måndag føremiddag.

Bilen på bildet hamna i grøfta på fylkesveg 442 nokre kilometer frå Bringland lufthamn.

- Eg måtte legge på styrekjetting på lastebilen min for første gang på lang tid. Så glatt er det, opplyser tipsar i saka.

Firda.no melder at det har vore mange utforkøyringar i fylkt så langt denne måndagen.

- Alle disponible mannskap er ute og brøytar, saltar og strør, men bilførarane må syte for at køyretøyet er skodd for vinterføre, og så er det avgjerande at dei tilpassar farten til forholda. Elles kan dei lett hamne i grøfta, seier trafikkoperatør ved Statens vegvesen i Lærdal, Roger Nedberge Hille, til avisa.

Les også