– Best på bad!

Publisert 16.03.2017 13:46, oppdatert 16.03.2017 13:46 - Rein Design - tips@stottmedia.no

Annonsørinnhold

– Best på bad!

Om du skal pusse opp badet, må du hente inn ulike leverandørar på rør, elektro, tømrar og flisleggar. Ja, dersom du ikkje vel å nytte Førde Elektro og Rør. Då slepp du unna med ein leverandør – frå ide til ferdig bad.

Innhaldsmarknadsføring: Førde Elektro og Rør kombinerer nemleg fagfelta elektrikar og rørleggar i same bedrift – dei er ein totalleverandør av bad og våtrom. Og målet er ikkje beskjedent.

– Vi ønskjer å vere best på bad. Det marknadsfører vi oss på – og det føler eg at vi er, seier Tom Sønnervik, dagleg leiar i Førde Elektro og Rør.

Bedrifta byrja som eit samarbeid mellom Førde Elektro og Rørleggermester Sønnervik i 2004.

– Samarbeidet vart godt motteke. Folk sette pris på å få rørleggar- og elektrobiten i ein pakke, og det konseptet ville vi bygge vidare på. I 2008 gjekk vi i lag og vart til Førde Elektro og Rør AS.

Det likte kundane. Selskapet har auka frå 15 til 23 tilsette, og omsetnaden har gått frå rundt 17 millionar kroner i 2008 til over 26 millionar i fjor.

Baderoms-pioner

Å samle desse fagfelta i ei bedrift retta mot privatmarkanden var uvanleg.

– Det vanlege her er bedrifter som anten tilbyr elektro- eller røyrleggartenester, som igjen ofte er underleverandør til ein større entreprenør. Vi var nok litt pionerar i 2008, smiler Tom.

Dagleg leiar,Tom Sønnervik, prosjektleiar rør Geir Lone og Øystein Haugland som er prosjektleiar for elektrodelen hos Førde Elektro og rør, ønskjer å vere best på bad. Foto: Rein Design.

– Kombinasjonen er framleis ikkje vanleg før du kjem opp i prosjektmarknaden, retta mot bedrifter. Mange kundar blir positivt overraska av at vi har røyr og elektro under same tak. Vi har og faste samarbeidspartar innan tømring og flislegging, som gjer oss til ein totalleverandør av bad- og våtromsløysingar. Det er enkelt og ryddig for kundane våre. Konseptet kjem til sin rett innan rehabilitering av bad, der vi leverer full pakke. ”Totalbad” er kjerneproduktet vårt, der våre to fagområde verkeleg møtes og kjem til sin rett. Når kunden tek kontakt for å pusse opp badet sitt, treng dei berre forhalde seg til ein leverandør, og ein kontaktperson som styrer og koordinerer prosjektet frå start til mål. Det er nøkkelen til suksess, og kundane set stor pris på dette. Det gjev kortare byggetid og ein meir smertefri prosess enn å måtte shoppe løysingar frå tre-fire selskap. Og ein får fastpris på prosjektet og ingen overraskingar.

Best på bad!

– Kvifor bør folk velje dykk når dei skal pusse opp bad og våtrom?

– Fordi vi er best på bad, smiler han og vedgår at det sit langt inne for ein sunnfjording å slå så hardt på stortromma.

– Men vi har utruleg dyktige folk, i eit sterkt fagmiljø som alltid er fagleg oppdatert. Og kjedene Bademiljø og Elfag i ryggen. Dermed har vi tenester av høg kvalitet – og alltid tidsriktige og moderne produkt å by kundane, frå anerkjente leverandørar. Vi fokuserer veldig på god kundebehandling, og på å ha ein god prosess frå ide til ferdig baderom. Vi teiknar bada sjølv, og pussa nyleg opp butikken. Der har vi laga ein veldig god møteplass, med stor skjerm, der vi losar kunden gjennom badet, teikna ut med fargar og innreiing, seier han og understrekar at dei også har andre tenester.

– Vi leverer alle tenester ein ventar innan røyrlegging og elektro, både på nybygg og rehabilitering, til privat- og bedriftsmarknaden. Våre to avdelingar samarbeider, men dei jobbar også som separate einingar. Ein kan velje å berre kjøpe elektrotenester, eller berre røyrleggartenester. Her er det kunden som bestemmer, avsluttar Sønnervik.

Les også