Foto: Larris

Publisert 07.03.2018 08:51, oppdatert 07.03.2018 09:02 - - tips@stottmedia.no

Bernhoft på Larris

LØRDAG 17. MARS: BERNHOFT ...klar for konsert på Larris Scene

Om Jarle Bernhoft har ei programerklæring, er det at han ynskjer å få folk til å danse og tenkje samtidig. Det gjelder i høgste grad også på albumet som kjem i 2018. Ti år etter at debutalbumet «Ceramik City Chronicles» lanserte Jarle Bernhoft som soloartist, kjem hans nye album. Denne gongen har han med seg fullt band, og innspelinga har føregått meir eller mindre live. Albumet har blitt forma av omveltingane i verda vi lever i, der ting som miljøkrise og flyktning problematikk skaper stadig større motsetningar mellom menneske, fortel Jarle.
Før albumet kjem ut, skal han altså ut på turné for å promotere dei to EP-ane. Og mykje tydar på at publikum får smakebetar frå det nye albumet, sjølv om Jarle ikkje heilt vet korleis han skal løyse den biten. " ...Platen er jo spillt inn med fullt band, mens på deler av turnen er jeg aleine. Så jeg vet ikke heilt hvordan jeg eventuelt skal gjøre det med det nye materialet, men det finner jeg ut av."

For billettar og info

Les også