Barnehagetilsett teken med overgrepsbilete

Publisert 23.06.2016 14:50, oppdatert 23.06.2016 14:54 - NTB - tips@stottmedia.no

Barnehagetilsett teken med overgrepsbilete

Ein barnehagetilsett mann frå Sunnfjord er sikta for å eige bilete som seksualiserer barn.

Førde: Mannen, som er i 30-åra, blei arrestert i heimen sin tysdag morgon. Han blei torsdag varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod av Fjordane tingrett, opplyser Vest politidistrikt.

– Politiet har teke med seg ulike lagringsmedium frå den sikta og jobbar no med å gå gjennom dette beslaget. Den sikta har blitt avhøyrt av politiet. Han samarbeider med politiet og forklarer seg, opplyser politiet.

Fleire av kollegaene til mannen er avhøyrt. Politiet har så langt ingen indikasjonar på at den sikta har gjort overgrep mot barn, men i og med at den sikta jobbar i ein barnehage, har politiet saman med kommunen orientert dei tilsette.

Torsdag ettermiddag var det eit orienteringsmøte med foreldra i barnehagen.

– Dette for at foreldra skal ha best mogleg fakta i saka og unngå unødvendig bekymring, skriv politiet.

(©NPK)

Les også