Auke i beslag av «hestedop» blant nordmenn

Publisert 02.08.2017 11:22, oppdatert 02.08.2017 11:23 - NTB - tips@stottmedia.no

Auke i beslag av «hestedop» blant nordmenn

Talet på beslag av det såkalla «hestedopet» har åttedobla seg sidan 2008. Kripos åtvarar om kjøp av slike dopingmiddel på nett. 

Ifølgje Kripos vart det i 2016 gjort 96 beslag av det ulovlege hestedopet på landsbasis. Ei åttedobling på ni år, skriv VG.

Stoffet er først og fremst brukt som astmamedisin for hestar. Likevel er det fleire nordmenn som brukar det. Dopet skal gi meir energi, auka uthald, høgare forbrenning og mindre svoltkjensle.

Medisinsk fagdirektør Steinar Madsen i Legemiddelverket meiner beslagstala er urovekkjande.

– Dette er ei skummel og farleg utvikling. Det kan jo tenkjast at det har ein samanheng med kroppsidealet ein har i dag. Dette er eit livsfarleg stoff, og det er meldt om hjarteinfarkt og dødsfall blant unge i fleire europeiske land, seier Madsen, som har behandla fleire pasientar som har brukt stoffet.

Ifølgje Madsen kan det også medføre angst og andre ulike psykiske reaksjonar.

Dei fleste beslaga av dopet kjem frå Tolletaten. Mange bestiller hestedopet både på det opne og mørke nettet. Kripos åtvarar nordmenn mot dette.

– Vi vil sterkt rå ifrå bruk av dopingmiddel og slankemiddel som ikkje er kjøpt på eit norsk apotek, fordi erfaringa er at dei som hovudregel er av svært dårleg kvalitet, er feildoserte eller inneheld andre stoff enn dei skal, seier fungerande kommunikasjonssjef Ida Dahl Nilssen i Kripos.

(©NPK)

Foto: Illustrasjon.

Les også