Arild bergar bilen – og ferien din

Publisert 01.07.2016 10:48, oppdatert 01.07.2016 11:40 - Rein Design - tips@stottmedia.no

Annonsørinnhold

Arild bergar bilen – og ferien din

Førde Bilberging ordnar alt – om du skulle være så uheldig å få eit bilproblem. Også alle dei andre små problema som følgjer med. Alt frå store ulukker, til hendingar som blir artige historier når problemet er løyst. 

Innhaldsmarknadsføring: Det er ein viktig jobb Arild Tistel og kollegaene på Førde Bilberging gjer. Når eit vogntogn har eit uhell og sperrar E39, er det dei som ordnar opp. Det same om motoren på bilen din skjer seg, lasta til randen med bagasje på veg til ferie. Sjølv om mykje av jobben hans skjer midt i ulykker, med sure ungar som ser ferien ryke, og stressa folk som har eit problem, blir det gode historier ut av slikt. Sommaren er hektisk, men Arild deler sine beste historier frå jobben med oss.

”Dirkekamp”

– Ein veit aldri kva det gjeld når telefonen ringer. Det kan vere alt frå ein kvelva semitrailer, til at ein stressa kar har fylt diesel på bensinbilen sin. Men nokre ting går att, smiler Arild.

– Blant anna ungar som har låst seg inne i bilen. Det skjer 15-20 gangar i løpet av året, oftast om sommaren, seier han og deler eit tilfelle.

– Dei fleste har hektiske dagar. Og så skal ein skal berre innom butikken og handle. Når ein set ungen tilbake i stolen er nøkkelknippet ein fin ting å underhalde dei med, medan ein set varene i bagasjerommet. Som regel er ikkje det ein god ide! I blant trykker ungen på låseknappen, medan bagasjerommet er ope. I det du slår ned lokket, er bilen låst. Med unge og nøklar på innsida.

– Når ungane blir 3-4 år klarar ein å få barnet til å låse opp igjen. Det er ikkje like enkelt å forklare det til ein toåring. Ofte kastar dei nøklane på golvet også, seier han og deler løysinga.

– Det er berre å ringe, så kjem vi med spesialdirk, seier han og ler.

– Men det er ikkje alltid det er så liketil. Eg hadde ein liten kar som sat inne i bilen og smilte. Mora var meir stressa! Slik er det ofte, ungane syns dette er kjekt, og det er litt av problemet. Eg fekk fiska tak i nøkkelknippet. Det var berre eit problem - eg måtte løfte det forbi ungen. Han såg det som ei kjekk ”utfordring” – når knippet kom i rekkevidde, nappa han det til seg og kasta den på golvet. Det vart ein tre-fire runde før eg vann, smiler Arild, og fortel at sjølv om det blir artige historier av dette, er det noko dei tek på høgste alvor. 

arild tistel

– Når folk ringer og seier at ungen har låst seg inne i bilen, kastar vi alt vi har i henda. Dette har høgste prioritet. Eit barn tåler ikkje like mykje kulde og varme som vi vaksne, så det uroar oss, og ein veit jo aldri om dei finn noko å stikke i munnen, og så svelgjer det.

Storfamilie-logistikk

I dei fleste tilfelle kan ein løyse bil-problemet med å skaffe eit nytt køyretøy. Noko Førde Bilberging fiksar lett som ein plett. Men av og til er problema større i skala.

– Der har eg ei flott historie, smiler Arild.

– Som inneheld potensiale for kaos, men enda på koseleg vis. Eg fekk ein telefon om ein bil som hadde brote saman. I det eg kjem fram, møter eg ein multivan, med mor, far og seks ungar i. Som om ikkje det var nok hadde dei så masse bagasje på ein hengar. Jau då, tenkte eg. Her blir det kaos. Vi ordnar leigebil, men det er vanskeleg å få tak i ein med plass til åtte. Det går i blant. Og leigebilar har ikkje hengarfeste, det var utfordring nummer to. Dette var på E39, i rushtida, så eg tenke at dette kom til å bli kaos. Men mora knipsa med fingrane – og så var superlogistikken i gang. Dei eldste ungane hjelpte ei yngste, og dei to i midten byrjar å forsyne seg med bagasje ilag med foreldra. På eit blunk var alt rydda, bilen kommen på bergingsbilen, og eg ordna hotell, smiler han og fortel at det ikkje alltid er like god stemning. 

– Eit typisk døme no er familiar med campingvogn. Mange med for liten bil til å dra vogna, eller ein har gløymt service. Brått kokar motoren, ein må stogge og fylle på vatn. Så sleper ein vidare i sneglefart, til noko ryk. Då er det ikkje alltid stemninga er like god når eg kjem. Ein har brukt ein dag på å komme halvvegs dit ein skal, ungane er sure, og mor og far kranglar. Men det løyser seg så fort vi har ordna leigebil eller hotell, og snakka med forsikringsselskapet. Mange trur at bilberging handlar om å fikse eit bilproblem, men vi tek oss av mykje meir enn det, smiler han.

Redda jula (ikkje hjul)

Når du er 54 mil heimafrå, med alt du treng i ein låst, innbrotssikker bil, då slit du. Ta til dømes familien som såg jula ryke for ei tid tilbake…

– Eg fekk ein telefon på veslejulaftan. Frå ein familie som hadde køyrt frå Oslo til Førde, for å feire jul med familie. Du veit korleis det er: Du har køyrt langt, kjem sliten fram, og går rett i middag. Du tek berre med noko smått frå bagasjerommet, og smell igjen luka. Og så hadde dei trykt på låseknappen før dei lukka, med nøklane i bagasjerommet... Dette var ein BMW X5, ein særs innbrotssikker bil, lasta til randen med bagasje og julegåver. Der sto dei utan reservenøklar, klede og julegåvene sine, med bilnøklane på botnen av eit fullasta bagasjerom, seier Arild.

– Du får ikkje fly eller buss på julaftan. Det freistar ikkje å låne bil og køyre 108 mil for å få låst opp bilen. Eg rykte ut og møtte fortvila fjes. I 2, 5 time sto eg og putla med dirk. Dei gav meg opp både fire og fem vender i løpet av dei timane, smiler han.

– Eg måtte plukke ut gåve for gåve og tømme baggar for klede før eg klarte å flytte dei, alt med dirken. Men vi kom i mål, og det vart julefeiring på dei. Den gleda ein ser i andletet deira då, den gjer det verdt det å halde på slik. Eg reiste heim med ei flaske vin, eit smil, og gangsperre i skuldra og armar i 14 dagar etter all dirkinga, ler han.

Ikkje berre bil og logistikkproblem…

– Men du: Kva er det artigaste problemet du har løyst?

– Eg syns alle er kjekke å løyse. Det beste med jobben– er at eg løyser problem for folk og blir møtt av takksame, glade menneske. Men eg huskar eit problem som visste seg å vere litt på sidelinja…Eg fekk meldt inn ein veghjelp, og møtte opp. Og så var det ikkje det som var problemet. Det var ei dame som hadde eit problem med kjøkkenskapet sitt, ler han.

– Det enda med at eg skifta dørhengsler på kjøkkenskapet for ho. Ein må ta det med eit smil, og hjelpe så godt ein kan. Det er det som er essensen i jobben, smiler han. – Og ho vart veldig nøgd.

Dette var eit lite problem, som lett let seg løyse av ein nevenyttig kar. I andre enden av skalaen er problema større, og utfordringane ditto.

– Det mest utfordrande oppdraget var ein semitrailer som hadde velta, og låg opp ned i ein skog. Den frakta ein turbin, som skulle nyttast offshore. Turbinen kosta rundt 100 millionar kroner. Den var i god stand, men hadde ein trailer over seg. Vi måtte redde turbinen, utan å skade den. Ein liten feil kunne påføre den skadar for titalsmillionar kroner. Men det løyste seg, det også.

Bergar meir enn berre bil

Førde Bilberging møter ikkje berre opp og hentar bilen din. For ofte byrjar det nye utfordringar i det køyretøyet står på bergingsbilen. Kvar skal eg overnatta? Kor skal eg få leigebil?

Førde Bilberging løyser alle slike utfordringar, knytt til logistikk, forsikring, overnatting og meire til.

– Det beste med jobben min er å få hjelpe folk. Eg synst alle jobbar er kjekke, om dei er små eller store. Og så er det så mykje meir enn å berre få ein bil på verkstad, eller ein trailer på vegen att. Vi løyser alle problem knytt til køyretøy. Anten det er ein Segway, ein scooter, ein bil, lastebil, semitrailer, eller for den del ein båt som har gått til botnen. Problemet kan vere alt frå at bilen er tom for straum, at lastebilen din står i sju steinar langs vegen, eit vogntog som har køyrt av vegen, eller at du har låst inne nøklar eller fylt feil drivstofftype på.

Og like viktig: Vi løyser all logistikk knytt til dette. Vi har kontakt med alle forsikringsselskap, og fungerer som bindeledd mellom dei og kundane. Vi skaffar leigebil, buss, hjelp til med å frakte familie, bagasje og kjæledyr fram til hotell, har kontakt med alle dei beste hotella. Vi veit at dette er ein stressa situasjon for deg – så når du ringer oss er vårt mål å løyse alle problem. Og det klarar vi, seier han.

Eit pikant problem…

– Eg høyrer rykte om ei pikant historie også?

– Jau, men den er ikkje sjølvopplevd. Det var ein kollega på ein anna bergingsstasjon. Han fekk telefon der han vart kalla ut til ein bil med ulyd i. Fast rutine i slike situasjonar er at vi intervjuar den som ringer om problemet: Er lyden der når du køyrer, eller når du står i ro. Og her var greia at lyden var der uansett om bilen køyrte, sto i ro, eller var slått av. Dette syns jo kollegaen vart rart, men sidan bileigaren ikkje turte køyre vidare, så rykte han ut. På ”åstaden” sto det ein Toyota Hiace, av den gamle sorten, der motoren ligg under seta. Når han opna døra vart han møtt av ein skramlande, metallisk lyd. Når han løfta opp setet, for å sjå i motorrommet, merka han at lyden ikkje kom derifrå, men frå ein stad bak setet. Han la ned setet igjen, og køyrte fram stolen. Der låg dildoen til frua i huset til bilegaren. Den hadde slått seg på, og låg der og dirra mot stolfestet. Så han kunne ikkje gjere anna enn å slå den av, så var problemet løyst.

Les også