Alpint-NM til Bjørkelia

Publisert 20.06.2017 11:54, oppdatert 20.06.2017 11:54 - Redaksjonen - tips@stottmedia.no

Alpint-NM til Bjørkelia

Vinteren 2019 skal Jølster IL arrangere alpint-NM for juniorar.

Jølster: Det melder Firda.no tysdag.

Jølster IL skal vere medarrangør med Voss Alpin som tar seg av storslalåmen, medan slalåmen blir arrangert i Jølster.

Ifølgje avisa og rennleiar Atle Hamar kan ein vente seg over 100 deltakarar.

- Basert på erfaringar frå FIS-renna ventar vi kring 150 deltakarar, seier Hamar.

- Veldig bra at vi fikk dette. Vi fekk vite det i går, men fekk tidlegare denne månaden hint om at det kunne skje, seier hamar, som også er styremedlem i Jølster Alpint.

Foto: Illustrasjon.

Les også