Alle lettare skadde etter tunnelbrann

Publisert 18.04.2017 07:38, oppdatert 18.04.2017 07:38 - Pressemelding, Helse Førde - tips@stottmedia.no

Alle lettare skadde etter tunnelbrann

13 pasientar blei i natt lagt inn på Førde sentralsjukehus etter brannen i Fjærlandstunnelen. Alle har fått lettare fysiske skader.

Førde: Alle dei 13 pusta inn røyk. Dei blir liggande inne til observasjon, i første omgang til tysdag. 

Helse Førde sette beredskap og rykte ut med seks bilambulansar, redningshengar og luftambulanse då ein bil tok til å brenne i Fjærlandstunnelen seint om kvelden 2. påskedag. I tillegg til ekstra mannskap i ambulansetenesta og på AMK, blei det det også kalla inn ekstrapersonell i akuttmottaket, laboratoriet, sentralbord og kjøkkenet. Også psykososialt kriseteam blei mobilisert.

Helse Førde har oppretta eit telefonnummer som pårødande kan ringje. Dette nummeret er 57 83 17 00. Det blei også oppretta eit pårørandesenter ved Førde sentralsjukehus.

Les også