Foto: Pikant

Publisert 19.10.2017 14:26, oppdatert 20.10.2017 10:34 - - tips@stottmedia.no

5 tips for helga

Halloweendrapet og Hemsedal-saka i media, Nynorsk barnebokfest, Skomakarens draum og Klubbkveld på Larris Scene.

Larris Scene inviterar til klubb-kveld og discoparty med DJ HELGE, ein kveld med ny, variert og dansbar musikk. Her lovar vi full gass med mykje heftig partymusikk og topp stemning. Ein perfekt stad å start kvelden for deg og vennegjengen med ei runde på shuffelboard kombinert med god mat og drikke. Info her

Førdehuset, Nynorsk barnebokfest: Storstova Førdehuset i Nynorskbyen, sjølvsagt skal den ha sin eigen nynorske barnebokfest! Laurdag 21. oktober fyller vi huset med høgtlesing, skodespel og eventyr. Ein laurdagsfest for heile familien med fine forteljingar i kvar krik og krok! Info her

Førdehuset, Skomakarens draum: Skomakaren skal til å reparere den aller siste skoen før han avsluttar arbeidsdagen. Det er ein ballettsko han skal i gang med. Brått er ikkje skoen berre ein sko lenger. Ei ballerina trer fram, og etter kvart dukkar fleire sko opp. Også dei blir til ulike figurar; ein gatemusikar, ein sirkusdirektør og andre som arbeider på sirkuset. Det oppstår spenning når sirkusdirektøren ønskjer å få ballerinaen til å opptre ved hans sirkus. Ho vil nemleg aller helst danse når gatemusikaren speler. Info her

Pikant: Halloweendrapet og Hemsedal-saka i media. Marius Løken (Halloweendrapet) og Andrea Voldum (Hemsedal-saka) kjem til Førde for å fortelje om korleis det har vore å bli ein stor del av nyheitsbiletet på godt og vondt.
Arrangementet er ope for alle, og er i regi av Sogn og Fjordane Journalistlag. Les meir her

Pikant: Musikk quiz kvar laurdag frå kl 22

Handelshuset: Prisfest på huset heile helga. Mange gode tilbod og konkurransar. Les meir her

Kino: For billettar klikk her

Skjermbilde

Les også